Rognvola (12.07.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Østre Rognvola (962m) | 12.07.2021 17:18 |
---|---|---|
Midtre Rognvola (984m) | 12.07.2021 18:08 |
Grått og overskya vêr frå morgonen på Gåsbu, men det var spådd litt betre utover dagen, så vi fann ut at vi skulle ta ein todagers-tur i Stor-Elvdal. Plan var Rognvola, Heievola, Nordre Gråkampen og Lyngkampen, men Kristine sin form er ikkje på topp, med magesmerter og litt hovudvondt. Så vi var ikkje sikre på kor mykje tur det vart.
Vi kom litt seint av gårde frå Gåsbu, og etter eit stopp på Rena køyrde vi inn den 120kr dyre Birkebeinervegen. Frå Storbekkvollen fekk vi køyrd innover mot Furuåsen, og parkerte i enden av vegen. Litt over halv fem gjekk vi av gårde.
Råket oppover var litt vanskeleg å sjå til å byrje med, da det var ein del vegetasjon der. Heldigvis hadde nokon gått før oss og tråkka ned det høgaste graset. Litt høgere oppe vart råket betre. Flott hytte på toppen av Østre Rognvola, og fin utsikt.
Opp til Midtre var det ikkje råk, men greitt å gå opp steinrøysa. Fin utsikt der og. Etter turen åt vi middag og overnatta i bilen litt vidare innover Birkebeinervegen.
User comments