Runde vest for Skarvatnet (12.07.2021)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Characteristic Jogging
Duration 3h 21min
Distance 19.1km
Vertical meters 1,030m
GPS
Ascents Bårdsfjellet (1,146m) 12.07.2021 08:52
Kvamman (1,039m) 12.07.2021 08:52
Midthøgda (1,017m) 12.07.2021 08:52
Vardhøa (999m) 12.07.2021 09:01
Nonshøa Nordvest for (1,129m) 12.07.2021 09:25
Gråhåmmåren (1,126m) 12.07.2021 09:46
Kvampiggen (1,104m) 12.07.2021 10:52
Tjønnpiken (1,220m) 12.07.2021 11:19
Nonshøa (1,213m) 12.07.2021 11:27

Det skulle komme eit tog frå hovudstaden inn på Berkåk stasjon klokka 13:25 ein mandag, og ombord var ein passasjer som skulle fraktast vidare ned til Surnadal. Med det som utgangspunkt blei det skissert opp ei løysing for korleis ein kunne få utnytta ein solfylt formiddag i området på best mogleg måte, og fasit blei ein tildleg start og ruteføring vest for Skarvatnet.

Her blei det ein runde i fint og lettløpt terreng frå Vardhøa i nord til Kvamman i sør. Ein varm og vakker julidag kor eg trudde eg skulle gå klar for klegg, fluer og anna armo som høyrer høgsommaren til, før eg nede ved Gråhåmmårtjønna fekk med meg eit par hundretalls fluer som følgje på resten av turen. Slik blei det minimalt med rasting, og ein relativt effektiv transport over toppane i området. Om dagens høgste punkt, Tjønnpiken, på returen, og tilbake ved Grøna og eit kjærkomment bad i eit av dei små vatna, før det blei kjørt over Nerskogen til Berkåk i tide til toget.
Blå himmel og små vatn skapte ei idyllisk ramme til rundturen.
Blå himmel og små vatn skapte ei idyllisk ramme til rundturen.
Lengst sør på turen var det flott utsikt ned til Gjevillvassdalen og over til Okla.
Lengst sør på turen var det flott utsikt ned til Gjevillvassdalen og over til Okla.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.