Skoddetreff på Råna (11.07.2021)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Bestigninger | Midtre Regndalstind (1539moh) | 11.07.2021 18:03 |
---|---|---|
Råna (1587moh) | 11.07.2021 18:03 | |
Andre besøkte PBE'er | Råna - normalveien fra Urkedalen (230moh) | 11.07.2021 18:03 |
Eg og Kroksleiven har hatt ein tradisjon om å få med oss ein kremtopp no og då, og etter at eg gjorde stårheimar av meg trudde eg at det kom til å bli kremtoppar i eit einaste renn. Slik vart det ikkje, for Kroksleiven har jo alt mogleg anna å holde på med: saude, fødestue for kalvar, diverse gravemaskinoppdrag, og ein deltidsjobb inn på Eid som han driv med. Altså ikkje heilt rett fram for ein freelance bygdeakademikar å få turselskap.
Men etter å ha vore 4 dagar med familiefeiring på Union Hotell Øye – potte tett av forkjøling, var eg desperat etter tur. Yr melde overskya på morgenen, men stråålande sol på ettermiddagen, så vi sette kursen mot Råna.
Det hølja ned gjennom Norangdalen, men det skulle jo lette. Likeeins regna det godt opp over Nordkopen. Men letna det ikkje litt då? Då vi kom opp i skaret seila det inn ei skikkelig byge, og det var berre å erkjenne at Yr hadde bomma. Men vi huka oss ned under ein duk bak ein stein og venta ein liten time. Då letna det litt igjen, og vi såg til og med fjorden. Det var på tide å få litt varme i skrotten igjen.
Vi kom snart til den raude trekanten på egga. Eg fekk eit lite anfall av høgdeskrekk, og klatra det fine buldreproblemet rett opp, medan Kroksleiven traska den dødelige men enkle vegen rundt. Vidare tetna skodda til og det vart litt forvirring om kor lang denne egga eigentlig var.
På veg opp til Midtre Regndalstind (ja nettopp!) pøsa det ned og var direkte ufyselig (dog ikkje så ufyselig at Kroksleiven leita fram buksa si frå sekken – det var framleis shortsvær). Derifrå fulgte vi eit greit trakk ned til skaret mot Råna, og greit opp her.
På toppen venta neste neste utfordring oss: Råna har fått nytt toppunkt. I vårt stille sinn hadde vi vel håpa at dette ikkje var noko å snakke om, men nabotoppen var heilt tydelig høgare. Dessutan blåste det infernalsk, og det var berre så vidt vi såg den i skodda. Det såg styggbratt ut. Esj.
Etter ei halv skive fann vi vegen ned i skaret, og no var det ikkje så bratt opp. Men framleis vått og ufyselig. Vi kom oss opp med ein klatrestil prega av svært lavt tyngdepunkt. Og rygga som to strandkrabbar same vegen ned. Her vart det ikkje tatt mange bilder.
(når vi kom ned så ser vi at siste oppdatering er at toppunktet er NESTE topp, kanskje 10 meter vidare på ryggen, men det får faen meg vere det samme. Eg tar ikkje sjølvmord for 20 høgdecentimeter).
Så var det berre å stikke nasen i GPSen og rusle nedatt. Været var finare lenger nede, men stabilt grautskodde kring Regndalstindane. Erfarne som vi er hadde vi plukka dagens absolutt mest skoddekledde topp.
Takk for turen Torleiv!
Starttidspunkt | 11.07.2021 09:58 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 11.07.2021 17:48 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 7t 49min |
Bevegelsestid | 5t 39min |
Pausetid | 2t 10min |
Snittfart totalt | 1,7km/t |
Snittfart bevegelsestid | 2,4km/t |
Distanse | 13,4km |
Høydemeter | 1595m |
Kommentarer
Skoddetur også i Fjærland
Skrevet av ligroenb 11.07.2021 22:31Ser ut til at yr bomma like godt på sunnmøre som i Sogn ;-)
Sv: Skoddetur også i Fjærlan
Skrevet av kobbenes 12.07.2021 07:47så de fekk vellukka skoddetreff også i sogn? gratulerer med det :-D