Blåfjell - Trongedalsnipa, Stad, 951 moh (01.07.2021)

Written by irelun (Irene Lunde) GSM

Map
Ascents Blåfjellet (951m) 01.07.2021
Kvituregga (760m) 01.07.2021
Trongedalsnipa (880m) 01.07.2021
Trongedalsnipa vest for (757m) 01.07.2021

Lang og varm rundtur i Stårheimsdalen, med Katrine FA, Inger G og Hansen... Turen opp gjekk vi via Indre Fannstøylen, over myrane og opp stien til krysset, der vi tok stien ut mot Blåfjellet. Eg gjekk då litt feil, og følgde sti over elva... Dette resulterte i at vi gjekk rett opp lia, på lyng/mose, i steikjande sol (vi skulle gått på høgre sida av elva, då hadde vi kanskje hatt sti heilt opp). Konklusjonen vart då at vi i alle fall fekk bra trim ;) Vidare gjekk vi bortover sti og ned til enden av Løysingevatna og opp på Trongedalsnipa. Ned att gjekk vi via Kvituregga, på sti inne i mellom. Nede i skogen kom vi oss ned til til slutt, der vi kom på stien frå Løysingevatna, bort til Indre Fannstøylen. Sidan vi hadde ein T-turpost på Ytre Fannstøylen, gjekk vi då over elva, og tok stien på den sida av elva ned att.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.