Magisk teltovernatting ved Nosa & Skjerdingane - Ålfoten (15.07.2021)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Duration 5h 04min
Distance 8.7km
Vertical meters 1,123m
GPS
Ascents Nosa (1,231m) 15.07.2021

Etter ei strålande fin fjellrunde dagen i forkant til Snønyken med fleire fine fjell ikkje så langt unna desse fjella. Var vi klar for ei telt overnatting oppe ved Skjerdingane i Ålfoten. Noko som lenge har vore tenkt på og som berre måtte bli ein fantastisk naturopplevelse i sånne mektige omgivelser. https://peakbook.org/tour/420994/4+fjell+i+%C3%85lfoten+-+Sn%C3%B8nyken%2C+Midtheia+%2B%2B+Bremanger.html
Yr hadde lova strålande meldinger...Men, det viste seg å være skivebom. Skodda låg graut tjukk med 3 m sikt då vi kom opp på ca 650 moh og i retning opp til Kringsjåsteinen 705 moh. Som vi aldri såg...Snu var ikkje aktuelt. Håpet var jo at yr selfølgelig skulle slå til som meldt og kanskje var det berre havskodda som trakk inn og spelte oss eit aldri så lite midlertidig puss. Så det var berre å dra fram GPS for å navigere etter målet. Terrenget hadde vi studert og ein har heldigvis kjennskap til at det ikkje er beint fram i dette området. Vi nærma oss Nosa på 1231 og regnet var eit faktum. Bra vi hadde teke med regntett duk over innerteltet. Temperaturen låg ca på 6 grader. Det er ikkje fritt for at det sneik seg inn ein negativ tanke om morgondagens fjellrunde i skodde og regn. Ein var då forberedt i håpet på litt betre sommerver i høgfjellet også etter gårsdagens og dagens meldingar. Sjølv om ein veit at det er vestlandet det her... Når dei negative tankane har klart å lurt seg bittelitt inn forbi! Så er det berre eit å seie at det er hjertemagisk å oppleve dei kontrastane som openbarer seg i tidenes vakre solnedgang og det når ein aller minst venter det. Det var som eit seneskue av eit trolsk teater av det aller ypperste som openbarer seg! Bilde og ord klarer nok ikkje heilt forklare den følelsen ein har i hjertet og i sinnet då der oppe!
Brått var glimtet forsterka til optimisme for morgondagens rundtur til Svartevassnyken 1259, Hyeneshesten / Skjerdingane

Skodda har sin nydelige sjarm!
Skodda har sin nydelige sjarm!
Skodda letta etterkvart utpå kveldinga!
Skodda letta etterkvart utpå kveldinga!
Regnbygene ga seg og skodda letta etterkvart utpå kveldinga! Snakke meg om magisk stemning langt vekke ifrå alt og på fjellhøgde 1231 moh
Regnbygene ga seg og skodda letta etterkvart utpå kveldinga! Snakke meg om magisk stemning langt vekke ifrå alt og på fjellhøgde 1231 moh
Nokre snøfonner redda litt væske til oppvarming av fløtegratinerte poteter og kaffe.
Nokre snøfonner redda litt væske til oppvarming av fløtegratinerte poteter og kaffe.
Hadde ikkje drøymt om ein solnedgang som dette! :)
Hadde ikkje drøymt om ein solnedgang som dette! :)
Nydelig solnedgang i fjella og mot Gjegnen 1670 moh og Gjegnalundsbreen.
Nydelig solnedgang i fjella og mot Gjegnen 1670 moh og Gjegnalundsbreen.
Sånne øyeblikk setter ein høgt!
Sånne øyeblikk setter ein høgt!
Magisk kveldslys og solnedgang til nokre av morgondagens fjellrunde.
Magisk kveldslys og solnedgang til nokre av morgondagens fjellrunde.
Eit kveldens håp er at yr stemmer med strålande sol i fjella neste morgon!
Eit kveldens håp er at yr stemmer med strålande sol i fjella neste morgon!

https://www.youtube.com/watch?v=9_BxLLRgaIQ

User comments

  • -
    avatar

    nydelig!

    Written by kobbenes 16.07.2021 20:43

    Dette såg flott ut, ein tur høgt på to-do-lista mi!

    • -
      avatar

      Sv: nydelig!

      Written by Eikås 17.07.2021 23:15

      Ja, dette er eit av øyeblikka som gjere til at ein veit at det livet ein lever i naturen er noko av det største. Det er livsstil & det er ikkje "berre" det å samle toppane! Sjølv om ein samler ivrig. Målet er sjølvsagt å nå fjelltoppen! :) Det skal nok litt til før det blir snu tur. Får være ærlig på det :) Ein nyter heile tida desse fantastiske finurlige øyeblikka! Om så det gjelder ein russletur, konkurranse, klatretur eller berre det å være i eit med elementa. Eg forstår at du har sett dette på lista :) Kjekt å følge deg i dine utforskinger for klatreområder her i distriktet, når du no har flytta heim. Gjegnen 1670 den steile vestveggen/Galleriet har eg ofte tenkt på for dei som kan, når eg har skua opp mot denne giganten. Det er nesten litt Trollveggen i Romsdal. Her er nok mange finurlige muligheter for den som søker. Hadde vore staselig ein dag, med fellestur for oss her på vestkanten. Ein strålande fin sommer vidare til deg og dine :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: nydelig!

        Written by kobbenes 23.07.2021 22:17
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.