På Lundavarden med Eskil (03.07.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Orheimssætra
Endpoint Orheim
Duration 4h 00min
Map
Visits of other PBEs Lundavarden varde (736m) 08.07.2021 17:59
Orheimsbotnen (428m) 08.07.2021 17:59
Rødsætra (265m) 08.07.2021 17:59
Bra driv!
Bra driv!
Toppen!
Toppen!

Tida var overmoden for ein tur på Lundavarden for Eskil. Denne veka var det knallvær og søskenbarn på besøk, så då låg alt til rette.

Avgang frå Orheimssætra, og raskt til Orheimsbotnen. Brattebakken gikk fint for alle, og utsikta begeistra. Deretter sprang juniorane omtrent til topps, og det var stor stas for alle! Det er klart ein treng litt kjeks og nøttemix for å fylle opp lagera då.

Så var det spørsmål om kvar vegen gikk vidare. Alle var gira på å gå rett ned til Orheim. Eskil og søskenbarn Henning må ha drukke av same vatnet som han Killian, for her gikk det raskt!

Ein knalltur som viser at det er krutt i beina så lenge motivasjonen er riktig!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.