Kan det bli betre? (31.08.2014)
Geschrieben von AnneliH (Anneli Horgen)
Besteigungen | Gasskatjåhkkå (1.517m) | 31.08.2014 |
---|
Det vart Anders og eg som måtte ta vare på det gode ryktet på Camp Nordantes andre dag ettersom både mob og sea valde å leggje inn ein kviledag(!)og heller ha sightseeing på Hamarøy. Dei om det. Vi hadde livleg diskutert forskjellige ruteval kvelden i førevegen, men ettersom Anders hadde damer liggjande og vente på seg i hellinga opp mot Gaskacohkka gjorde vi som mob, og køyrde heile Gjerdalen inn til foten av Reinoksfjellet og Juoksatjahkka - majestetiske, blankskurte fjell. Damene hadde allereie lagt i veg mot toppen, så Anders og eg halsa oppetter lia med flotte knausar og sva. Oppe ved vatne på 910, etter noko meir eller mindre heldig fotoshooting og lunsj, valde vi å gå til venstre. Ikkje noko dumt val, for her gjekk det fine hyller langs heile vatnet. Vi gjekk på berget oppover på høgresida. Mykje av snøen hadde sikkert smelta vekk i varmen som har vore, så det vart ikkje langt biten på snø/is. Flott å gå mot ein så synleg og spektakulær topp, og toppen skuffa heller ikkje. Ubeskriveleg flott her oppe i nord - så det er berre å komme seg i veg om ein ikkje har vore her!!!
Retur same vegen.
PS: Det er utruleg mange sva her, så det bør helst vere tørt om turen skal vere triveleg å gå...
Benutzerkommentare