Nordre Trolla og Litlnebba (02.07.2021)

Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal)

Turlengde 6t 40min
Distanse 13,0km
Høydemeter 1782m
GPS
Bestigninger Litlnebba (1604moh) 02.07.2021 07:41
Nordre Trolla (1797moh) 02.07.2021 07:41
Andre besøkte PBE'er Fossa Steinhelle (925moh) 02.07.2021 08:39

Ein julidag av beste sort var så vidt i gong då to mann stod med skoa ferdig knytt under skyggen av Hoåsnebba, klare for å gyve laus på høgdemetrane opp Hoåslia. Det store målet var sjølvaste Nordre Trolla, ein topp som til slutt blei bestege med mindre problem enn først antatt, grunna perfekte forhold og nøye forarbeid. Ikkje all verdens med detaljert informasjon fantes om denne ruta, men vi hadde i forkant gravd fram det vi kunne finne, og gjort oss opp ei meining rundt kva vegvalg som skulle takast undervegs.

Ein tidleg start lot oss forsere Hoåslia medan det framleis var skugge på denne sida av Sunndalen, og greit var det, for det blir alltids varmt nok likevel når ein byrjar på motbakkane i dette dalføret. Kun avbrutt av eit par mindre stopp for å gjere eit innhogg i den lokal markjordbærbestanden gjekk det radig opp lia, før vanndepota blei fylt etter å ha nådd fram ved Fossa steinhelle. Vidare inn til Fossbotnin kor dei blei peila inn ei rute langs bekker og ur opp til skaret mellom Litlnebba og Nordre Trolla.
Inn mot Fossbotnin. Herifrå fulgte vi terrenget og minste motstands veg opp til ryggen.
Inn mot Fossbotnin. Herifrå fulgte vi terrenget og minste motstands veg opp til ryggen.
Litt snø låg att siste stigninga mot ryggen, men fin og mjuk å gå på.
Litt snø låg att siste stigninga mot ryggen, men fin og mjuk å gå på.
Oppe på ryggen blei det ein matpause for å sikre korrekte blodsukkerverdiar før moroa starta. Vi beslutta å gå for rosina i pølsa først, og la i veg opp ryggen mot Nordre Trolla, vel vitande om kva utfordringar som venta - eit opptak eit stykke undervegs på ryggen, og noko manøvrering rett før toppen.
Vinnumassivet danna ei respektabel bakgrunn til lunsjen.
Vinnumassivet danna ei respektabel bakgrunn til lunsjen.
Ryggen mot Nordre Trolla beskues.
Ryggen mot Nordre Trolla beskues.
Vi gjekk på. Enkel spankulering i starten, før eit par uproblematiske klyvepunkt blei forsert. Snart såg vi dagens første utfordring - ein sprekk i ein ellers steil bergvegg. Inne ved denne sprekken har fleire heller frista lykka ut mot venstre i fjellveggen. Orda som går igjen i beskrivinga av dette alternativet er skuggevendt, sleipt og laust; ikkje utprega positiv omtale. Vi håpa på å sleppe å gjere oss dei same erfaringane, og prøvde oss heller opp den omtalte sprekken. Ikkje store plassen å vende seg på, men opp gjekk det overraskande greit å kome seg! Vel oppe gjekk det på nytt enkelt og greit ei stund. Eit lite nedtak rett før toppen blei omgått til venstre, og dermed var vi inne ved det siste klyepunktet heilt oppunder toppen. Det var tydeleg at den riktige ruta gjekk litt ut mot venstre her, og frå avstand såg dette ut til å bli ein rett så luftig manøver. Enda litt nærmare blei det derimot klart at det ikkje var så trongt om plassen som det først såg ut, og sjølv om det absolutt ikkje var høve for å trø feil, opplevde vi ikkje dette siste klyvepunktet som spesielt vanskeleg. Dermed kunne vi stille oss opp ved toppvarden og ta inn over oss ei spektakulær utsikt over eit mektig område.

Ein god pause på toppen med seigmenn, droneflyging og god stemning på innholdslista. Her kunne ein holdt til lenge denne dagen, for det var nært vindstille, og ettermiddagsskyene som var meldt var enda ingen stad å sjå, men så er det no slik at ned må ein. Vegen ned gjekk langs nøyaktig same rute som opp, og ingen av dei nevnte punkta var vanskelegare på returen. Dermed var vi snart nede, og like snart oppe på dagens andre topp, Litlnebba. Flott utsikt medan vi gjorde kål på det som var att av niste, før det bar ned på snø, ur og lyng tilbake til Fossa steinhelle. Hoåslia var varmare no enn då vi for opp, men på ein dag som denne tok vi også dei siste høgdemetrane med eit smil, fram til vi kunne takke av for denne gong nede ved bilen, med ein verkeleg kremtur tilbakelagt.
Tilbakeblikk frå toppen av Litlnebba.
Tilbakeblikk frå toppen av Litlnebba.
Fossa byr på eit siste påfyll av vatn.
Fossa byr på eit siste påfyll av vatn.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.