Blånebba via vesteggen (27.06.2021)
Written by simenee (Simen Einmo Engdal)
Ascents | Blånebba (1,422m) | 27.06.2021 10:59 |
---|
Det har lenge vore snakk om vesteggen som leiar opp til Blånebba i Søyådalen. Både fjoråret og året før var meint å skulle leie oss opp hit, men forholda låg aldri heilt til rette for at det skulle gå å samkjøre eit turlag opp denne vegen, før ein sein junidag endeleg sjekka av alle boksane. Med start frå Holtasetra gjekk vi stien innover Søyådalen, og tok deretter av opp lia når det vart skilta mot Blånebba. Fin sti å gå etter, og den forsvinn ikkje før landskapet har åpna seg og resten av ruta gir seg sjølv. Vi vendte no nasen mot eggen som går opp frå vest, og dagens store mål.
Enkelt og greit i starten etter kvart som det smalnar av og bratta tek til. Etter kvart heldt vi litt mot høgre fram til vi kom til eit punkt der det var fleire rutevalg å vurdere. Ein kunne no klyve opp att på eggens midtpunkt og friste den vegen, eller ein kunne gå opp til toppen av ei renne som endte i to "vindauge" i fjellveggen. Begge alternativa blei nøye sondert og vekta, men funne for tunge for dagens tropp. Resultatet blei å halde fram med å gå litt i sida ut mot Søyådalen, og om litt åpenbara det seg ei moglegheit for å fortsette oppover. Det blei sendt ut ein speidar som kom tilbake med bud om at her gjekk det rett så godt oppover, og etter å ha forsert eit par kronglete opptak kunne ein skimte ein av dei velståande vardane mot himmelen. Fint og varmt på toppen kor totalt fem andre også fann vegen denne søndagen.
Etter å ha fylt depota med seigmenn og non stop gjekk vegen over det store topplatået på Blånebba og ned om normalvegen. Fann tilbake til stien og var fort nede i dalen att, kor eit par beitekyr slo følgje før vi fekk lukka grinda foran dei, og konkluderte med at turen var slutt. Ein godt fornøyd gjeng som endeleg kunne sjekke av vesteggen på "to do-lista".

User comments
Missing title
Written by HegeSA 27.06.2021 20:12Ser at dere tok ei litt annen rute etter skaret enn den jeg tok :). Håper den var bedre
Topp at det klaffa for dere i dag, jeg kika bort dit fra Indre Sula og lurte på om det ble dit på dere i dag