Lang flott tur til Oddevassheia og Venehei (25.06.2021)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 9h 00min
Distance 24.6km
Vertical meters 839m
GPS
Ascents Oddevassheia (966m) 25.06.2021
Venehei (992m) 25.06.2021

Greidde å rydde plass til ei langhelg denne siste helga i juni, for no er det så langt til alle kommunar eg ikkje har dekt, at ei vanleg helg blir litt knapp for topprosjektet. Denne gongen var eg ute etter dei vestlegaste kommunane i Vest-Agder. Det er langt å køyre frå Oslo! Vi starta etter jobben og i trafikken på torsdag. Måtte stoppe hos gamle foreldre på Sathelle, og dermed var vi framme i Knaben kl 0100 natt til fredag. Vi kasta opp tomannsteltet på campingsplassen, det måtte gå fort, for heile plassen surra av knott. Og vel inne i teltet var taket svart av knott etter å ha hatt teltet det opent lenge nok til å krype inn. Ikkje anna å gjere enn å krype ned i soveposen og dra den over hovudet.
Vi køyrde opp til gruva morgonen etter for å få litt lufting rundt knottsvermen, og det fungerte bra: frukost blei inntatt utan insekt. Vi gjekk den blåmerkte stigen frå gruva og følgde Uncas sitt spor meir eller mindre heile vegen. Det tok faktisk 2,5 time opp til toppen av Oddevassheia sjølv om det berre var 6,6 km. Vi stoppa nokre gonger og sjekka kart og gps, drikkepauser hadde vi også, og vi tok av oss litt klær, men elles gjekk vi ganske jamt. Ikkje spesielt tunggått heller. Der oppe hadde vi første ordentlege rast. Eg tok faktisk eit par jobb-e-postar, for plutseleg hadde vi forhold. Tom blei litt utolmodig, så han starta å gå før meg, og vips, var han borte for meg. Heldigvis møttest vi att ved Knabe-røysa, eg hadde vald ein litt meir vestleg trase enn han.
Derifrå og langs Kyrevatna følgde vi blåmerkt trase. Nydeleg og lettgått. Akkurat der vi tok av frå den merkte traseen sprang det ein hjort framfor oss, og vi følgde den med augene lenge der den seglde over svaberg og lyng. Fantastisk! Vi tok fleire pauser på turen, ein ved vatnet 908 etter at vi hadde klatra bratt opp frå blåmerkt løype ved Perstjødne. Derifrå var det knappe 2 km til Venehei, som verkeleg var eit fint topplatå. Vi rasta på nytt heilt i sør på platået med flott utsikt. Så gjekk vi sørover langs same traseen som Uncas gjekk. Utruleg flotte svaberg og nydeleg vatnlandskap. Der Uncas sa at han strevde litt med delta og turer og bekkjekryssing i Finndalen, unngjekk vi det ved å halde mot aust og heller følgje svaberga langs heile dalen nedover. I Finndalen hadde det samla seg så mørke skyer at det måtte skje noko, og det som skjedde var lett regn først, men meir og meir torever etter kvart. Det store regnet kom ikkje før vi var vel ned i bilen ved Knaben.
Eg likte denne turen veldig godt. Den var lettgått med flotte sva- og lyngparti. Vi hadde stort sett perfekt temperatur og vær, den vesle brisen vi innimellom hadde, var berre bra. Ein liten fugl som flaug opp rett ved foten min viste seg å liggje på eit reir med seks ørsmå mørkfarga egg. Og eg gjekk på ei rjupe som prøvde å få med seg 8-10 ganske nyfødde ungar som stressa rundt i lyngen. Og så denne hjorten da. Vi såg også ein rovfugl som eg ikkje greier å identifsere, og heilo såg og høyrte vi eit par gonger. Alt i alt ein heilt nydeleg tur. Men ganske lang er den jo, 24,6 km, 9 timar brutto, 6 timar og 40 gåtid, 839 hm, mykje mindre enn Uncas, lurar på kvifor? Tom var med. Deilig å sjekke inn på Utsikten hotell i Kvinesdal etter den korte knottnatta før turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.