Nordnosi (22.06.2021)  6

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 00min
Distanse 19,2km
Høydemeter 1578m
GPS
Bestigninger Nordnosi (1558moh) 22.06.2021 17:53

Fekk tanke om topptur etter jobb. Med ein time avspassering la eg i veg frå Ofta, 2,3 km heimafrå. Stølsveg mot Oftedalen, og Liastølen. Tok over på sti mot Visete, og like under på nasekurs mot Nordnosi. Moro å lese terreng, og finne god rute i bratta. Når det flatar ut, er det lettgått steinterreng innover fjellet. Går mot stor varde (som ikkje er høgast), og vidare til høgaste punkt, ein god km lenger aust. Nydeleg utsikt opp grønnkledde dalar mot sør. Her oppe er ein på «taket», og har vidt utsyn. Vidare rute gikk mot Torsfjellet. Likar å finne anna rute heim, for variasjon sin del. Store varder her også, og lett å orientere seg visuelt. Så blir det ned rygg, og over fleir små knausar med varde, før ein når den ultimate utsikta. Torsgjelfjellet. Ser Lærdal, langt ut fjorden, og Lodalskåpa. Og mykje meir. Vidare retur er det tydeleg sti. Fyrst ned til Torsstein, ca. 10 min. Derifrå merka rute, og eg tangerer ruta opp, litt over Liastølen. Ein fantastisk dag. Noko trøtt og tunge muskler på jobben dagen etterpå.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.