Krakksnova i Solund - Den unike "urskogturen" (23.03.2016)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Turlengde 6t 49min
Distanse 14,8km
Høydemeter 1376m
GPS
Bestigninger Krakksnova (277moh) 23.03.2016

Dette området er eit av dei heilt spesielle områda på den nordaustre del av Solundøya og urskogen her er unik og har vore tenkt freda. Solund var skogkledd og vart visst nedbrent ein gong i mellomalderen, etter ordre ifrå styresmaktene i København. På den måten skulle det være vanskeleg for "sjørøverane" å gøyme seg. Myrane idag, viser til mange og store røter på at det ein gong har vore eit skogkledd landskap. Sidan området er så spesiellt hadde eg veldig lyst å sjå meir til det. Eg bestemte meg for å undersøke området nærmare, istadenfor å ta den lettaste vegen via sjøvegen. Det skulle vise seg å bli ein skikkeleg urvandringstur i eit særdeles opp, ned og rundt terreng som eg aldri før har gått. Begynte å tenke litt på navnet Krakksnova, og laga min eigen definasjon på kvifor fjellet hadde fått det navnet. I den gamle gards og ættesoga i Solund står det mykje om dette området, det står også skrevet at det er eit møysommeleg terreng! Synsinntrykket av denne halvøya er dominert av fjell, med den særegne skogen og der Krakksnova blir omtalt lokalt som Blånova 277 moh. Ein fantastisk tur på mange måtar...møtte ingen på mi ferd! Det vart ein prøvelse i kratt og lyng som var over mi høgde, jungelfølelsen er dekkande. Gjengrodd som det var, kunne det brått være eit fall på over meteren og meir. Kufjellet vart ein milepæl for å ha komt halvvegs, etter også å ha vore godtruande til å kunne tru at eg kunne komme forbi på ein lettvint måte nede ved sjøen. Det viste seg å være feil, eg måtte oppatt og ned ei anna skore!! Sånn gjekk vel turen eigentleg heilt fram til foten av krakksnova. Då eg såg den lettvinte renna opp...tenkte eg med meg sjølv at det finnast garantert eit eller anna knep der oppe også :) Returen gjekk som ein drøm...Hadde brått god tid før båten skulle gå ifrå Hersvik til heimøya Færøy og eg rakk å avslutte turdagen med Dyrefjellet 186 moh.

Nydelig kveldsstemning ved vatnet med nesten ein fullmåne.
Nydelig kveldsstemning ved vatnet med nesten ein fullmåne.
Stille morgen i ei spesiell eventyrverden!
Stille morgen i ei spesiell eventyrverden!
Morgenselfie kl 08.00 Så klar for "Urskogturen"
Morgenselfie kl 08.00 Så klar for "Urskogturen"
Parkerte ved Dyrefjellet 186 moh. Ser ned til vegs ende i Sandvika. Ny veg herifrå er under bygging til Skardnagel
Parkerte ved Dyrefjellet 186 moh. Ser ned til vegs ende i Sandvika. Ny veg herifrå er under bygging til Skardnagel
"Bonsai" furu i lune skårer mellom høge mektige furutrær.
"Bonsai" furu i lune skårer mellom høge mektige furutrær.
Ifrå Kufjellet
Ifrå Kufjellet
Vågen
Vågen
Målet i sikte... Krakksnova og Hornet
Målet i sikte... Krakksnova og Hornet
Spesialiteten i dette området...
Spesialiteten i dette området...
Ifrå Krakksnova og Åfjorden
Ifrå Krakksnova og Åfjorden
Mot Krakksnova
Mot Krakksnova
Ifrå Krakksnova og flott syn ut til øyane Ospa, Færøy, Buskøy og Leknesundet
Ifrå Krakksnova og flott syn ut til øyane Ospa, Færøy, Buskøy og Leknesundet
Stille på toppen og Alden alltid eit kjært syn.
Stille på toppen og Alden alltid eit kjært syn.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.