Gjennom Kvelven til Svartavatnet og småtoppar frå Liarvatnet (10.06.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Aust for Kvelven (638m) 10.06.2021
Vest for Kvernavatn (618m) 10.06.2021
Visits of other PBEs Nagastølen (480m) 10.06.2021

Lt. Winters i serien “Band of brothers” oppsummerer D-dagen på ein god måte med at “it’s been a day of firsts”, når han som uttalt avholdsmann tar seg ein slurk av flaska som går rundt seint om kvelden. Nå vart ikkje dette D-dagen for meg, men turen vart likevel prega av mange “firsts”; første gang ved Øyavatnet, første gang gjennom Kvelven, første gang ved Svartavatnet utanom vinteren og første gang på den siste gjenverande pf≥50m toppen i Jørpelandsheia, sekundærtoppen på 620moh vest for Kvednavatnet.

Grunnen til at turen kom i stand, var at eg vart gjort merksam på at det går god nødla sti gjennom Kvelven og til Svartavatnet, og dessutan vidare vest for Kvedna- og Stemvatnet heilt til Bratteli. Sidan Svartavatnet og området rundt ellers er vanskeleg tilgjengeleg om sommaren, og eg lenge har hatt lyst på ein tur inn dit, var det eit lett valg å prøva lukka. Studerer ein Kvelven på kartet, er det ikkje lett å tenka seg at det er anna enn ein blindveg inn dit, men utruleg nok har dei steile veggane eit svakt punkt i søraust der det er mulig å koma seg opp.

Turdagen var det meldt gråver, men ikkje nedbør etter ein lang finversperiode. Men varmt var det, om lag 20 grader, og sekken vart pakka lett for langtur. Eg visste at stien gjennom Kvelven var nødla frå utløpet av Øyavatnet, og inn dit er det i alle fall tre naturlege vegvalg frå Liarvatnet, nemleg om Svortingsvatnet, Småsildalen og Grimsli. Sidan eg hadde lyst til å finna stien frå austenden av Holmavatnet som óg var ny for meg, vart vegen lagt om Grimsli.

Det gjekk oppskriftsmessig til utløpet av Holmavatnet på svært gode stiar, snaut 1 ¼ time hit. Då hadde veret overraska med ei byge duskregn som heldigvis gjekk over. Eg var slett ikkje redd for å bli våt i varmen, men derimot for å mista utsikten over dei nye landskapa eg gleda meg til å sjå. Heldigvis vart det ikkje meir av regnet.

Før oppgangen til Ospeskardet fant eg den svake og umerka stien mot Øyavatnet og følgte den på austsida av Holmavatnet. Dette var nytt og spennande lende for meg, men ikkje uventa var dette dagens dårlegaste og mest utydelege stiparti. Då eg kom til bekken frå Øyavatnet, var det brått betre merking og meir velbrukt sti. Denne kryssa først bekken og gjekk så parallelt på vestsida. Det må ha vore veldige vassmengder i dette bekkefaret i gamle tider, for det er store steinar langs heile faret opp til Øyavatnet, litt som i elvefaret til Tverråna frå Holmavatnet.

På austsida av Holmavatnet med utsikt vestover vatnet mot bl.a. Reinaknuten bakerst
På austsida av Holmavatnet med utsikt vestover vatnet mot bl.a. Reinaknuten bakerst
I bekkefaret frå Øyavatnet der vassføringa ikkje står i stil med steinane
I bekkefaret frå Øyavatnet der vassføringa ikkje står i stil med steinane

Siste stykket til Øyavatnet gjekk eg derfor midt i bekkefaret, og etter kun ein ny ½ time var eg oppe ved det spennande og avsidesliggande vatnet. Utanom den eine hytta i vesthellinga må Øyavatnet seiast å vera eit av dei meir uberørte i Jørpelandsheia. Her visste eg at stien gjennom Kvelven skulle vera merka frå austsida av utløpsosen, og dette viste seg å vera ganske rett. Det var med spenning eg følgte stien innover langs dei små tjødnane og jevnt oppover langs vestsida av Kvelven. Det var steile veggar på alle kantar, men eit bratt skard såg ut til å kunna vera einaste farbare veg opp og ut, og det viste seg å holda stikk.

Ved utløpet av Øyavatnet med Svartavassknuten sentralt. Ein god varde viser veg inn i Kvelven til venstre i bildet
Ved utløpet av Øyavatnet med Svartavassknuten sentralt. Ein god varde viser veg inn i Kvelven til venstre i bildet
Ved den ytterste tjødna i Kvelven, der stien snor seg på høgre side. Sekundærtoppen aust for Kvelven ragar høgt over dei steile veggane
Ved den ytterste tjødna i Kvelven, der stien snor seg på høgre side. Sekundærtoppen aust for Kvelven ragar høgt over dei steile veggane
Lenger inne i Kvelven med tilbakeblikk mot den ytterste tjødna under Liaknuten
Lenger inne i Kvelven med tilbakeblikk mot den ytterste tjødna under Liaknuten
Frå same staden mot den inste tjødna
Frå same staden mot den inste tjødna
Frå same staden mot søraustveggen i Kvelven, der oppgangen er i det markerte skardet til høgre
Frå same staden mot søraustveggen i Kvelven, der oppgangen er i det markerte skardet til høgre
Oppstigning frå Kvelven øvst i det bratte skardet
Oppstigning frå Kvelven øvst i det bratte skardet

Etter nye 25 min. var eg vel oppe av Kvelven og kunna gleda meg over framifrå utsikt nordover der eg kom ifrå, heilt tilbake til Holmavatnet. Kort tid etter fekk eg Svartavatnet og Bratteliknuten i syne på sørsida, og ikkje minst hovudmålet for turen, den lite prangande sekundærtoppen vest for Kvednavatnet. Det såg drygt ut bort dit, i og med at eg måtte 120 hm ned og så 140 hm opp att i delvis stilaust terreng, men innstillinga var offensiv og eg tok utfordringa.

Herleg utsikt over Kvelven med dei tre tjødnane, Øyavatnet og Holmavatnet. Bakerst kan silhuettane av Ternefjell, Reinaknuten og Skorafjellet ved Tysdalsheia kjennast att
Herleg utsikt over Kvelven med dei tre tjødnane, Øyavatnet og Holmavatnet. Bakerst kan silhuettane av Ternefjell, Reinaknuten og Skorafjellet ved Tysdalsheia kjennast att
Mot Svartavatnet og sekundærtoppen vest for Kvednavatnet med Bratteliknuten langt meir dominerande
Mot Svartavatnet og sekundærtoppen vest for Kvednavatnet med Bratteliknuten langt meir dominerande

Det var godt nødla ned til Svartavatnet og sti vidare til utløpsosen. Her inne var eg to fine skiturar snøvinteren 2018, og det var kjekt å kjenna seg att første gang på sommarføre. Frå osen gjekk eg bratt opp svaberga og stilaust, men delvis nødla austover til eg fant stien som går frå Longavatnet til Bratteli vest for Kvedna- og Stemvatnet. Denne kunne eg følga nesten til topps før eg busha dei siste hm stilaust til det vardelause toppunktet. Då hadde eg bare brukt 35 min. frå eg fekk Svartavatnet og toppen i syne, og 2 ¾ timar heilt frå starten ved Liarvatnet, eit strekk på om lag 10 km.

Ved utløpet av Svartavatnet. Skal ein vidare mot Bratteli, må ein gå stilaust opp svaberga og vidare austover eit stykke
Ved utløpet av Svartavatnet. Skal ein vidare mot Bratteli, må ein gå stilaust opp svaberga og vidare austover eit stykke
Utsikt over Svartavatnet med Godlifjellet og Svartavassknuten på kvar si side
Utsikt over Svartavatnet med Godlifjellet og Svartavassknuten på kvar si side
Det åpnar seg flott utsikt nordover mot Longavatnet flankert av Liaknuten og Vardhusheia
Det åpnar seg flott utsikt nordover mot Longavatnet flankert av Liaknuten og Vardhusheia
Ditto over Kvednavatnet med 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)
Ditto over Kvednavatnet med 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)
Frå like oppunder sekundærtoppen med herleg utsikt nordover, med Svartavatnet og Liaknuten til venstre og Longavatnet med Vardhusheia og Skitli til høgre
Frå like oppunder sekundærtoppen med herleg utsikt nordover, med Svartavatnet og Liaknuten til venstre og Longavatnet med Vardhusheia og Skitli til høgre

Frå toppen var det som venta førsteklasses utsikt mot Longavatnet, Kvednavatnet og Bratteliknuten med dei karakteristiske nabbane nedanfor. Det var spesielt kjekt å sjå Kvednavatnet igjen etter skituren inn hit i februar. Det var minst utsikt vestover mot Svartavatnet, men eg drog sjølvsagt kjensel på toppane i den retninga óg, spesielt Godlifjellet. Det hadde vore spennande å fortsetta sørover til Bratteli, men eg måtte tilbake til bilen og derfor gjera vendereis. Bratteli får verta eit seinare prosjekt, nå når eg veit det er god sti frå denne kanten.

På den vardelause sekundærtoppen vest for Kvednavatnet, men med den sørlege grensebolten for Longavatnet naturreservat
På den vardelause sekundærtoppen vest for Kvednavatnet, men med den sørlege grensebolten for Longavatnet naturreservat
Utsikt sørover Kvednavatnet i retning Bratteli. Me ser pytten i skardet mot Stemvatnet til venstre og dei karakteristiske nabbane under Bratteliknuten til høgre
Utsikt sørover Kvednavatnet i retning Bratteli. Me ser pytten i skardet mot Stemvatnet til venstre og dei karakteristiske nabbane under Bratteliknuten til høgre
Mot Kvednavatnet og Longavatnet med herleg uberørt landskap innerst i Jørpelandsheia
Mot Kvednavatnet og Longavatnet med herleg uberørt landskap innerst i Jørpelandsheia

På returen tok eg ein avstikkar til sekundærtoppen på 640moh aust for Kvelven, som hadde raga så høgt over meg då eg gjekk innover. Her var det som venta flott utsikt både dit eg kom ifrå og dit eg skulle vidare, nemleg over Nagaheia. Mellom dei to toppane brukte eg 40 min. Så gjekk vegen ned att gjennom Kvelven, opp til Nagatjødnane og på kjente stiar ned til Nagastølen. Hit gjekk det på drygt timen frå den siste toppen, og då var eg veldig glad motbakkane var unnagjort.

På returen med flott tilbakeblikk mot Svartavatnet og Bratteliknuten
På returen med flott tilbakeblikk mot Svartavatnet og Bratteliknuten
Straks på sekundærtoppen aust for Kvelven med tilbakeblikk mot sekundærtoppen vest for Kvednavatnet
Straks på sekundærtoppen aust for Kvelven med tilbakeblikk mot sekundærtoppen vest for Kvednavatnet
Mot den oppsprukne sørveggen i Kvelven med den øvste tjødna og Svartavassknuten. Bak til venstre sjåast óg Godlifjellet
Mot den oppsprukne sørveggen i Kvelven med den øvste tjødna og Svartavassknuten. Bak til venstre sjåast óg Godlifjellet
På sekundærtoppen aust for Kvelven med utsikt mot Liaknuten med sine to toppar
På sekundærtoppen aust for Kvelven med utsikt mot Liaknuten med sine to toppar
Mot sørenden av Longavatnet, Kvednavatnet og ein flik av Skivatnet
Mot sørenden av Longavatnet, Kvednavatnet og ein flik av Skivatnet
Mot Kvelven, Øyavatnet og Store Nagatjødna med Krossfjellet sentralt
Mot Kvelven, Øyavatnet og Store Nagatjødna med Krossfjellet sentralt
Mot sørenden av Longavatnet og ein flik av Skivatnet. Sekundærtoppen nord for Skivatnet sjåast midt i bildet
Mot sørenden av Longavatnet og ein flik av Skivatnet. Sekundærtoppen nord for Skivatnet sjåast midt i bildet
Frå ytterst i Kvelven mot Øyavatnet og hytta i vesthellinga under Krossfjellet
Frå ytterst i Kvelven mot Øyavatnet og hytta i vesthellinga under Krossfjellet
Frå same staden med tilbakeblikk mot sekundærtoppen aust for Kvelven
Frå same staden med tilbakeblikk mot sekundærtoppen aust for Kvelven
Frå hytta i vesthellinga med tilbakeblikk mot Øyavatnet og Kvelven
Frå hytta i vesthellinga med tilbakeblikk mot Øyavatnet og Kvelven
Ved godt bevarte Nagastølen
Ved godt bevarte Nagastølen

Transportetappen i sol langs Svortingsvatnet og ned Lågalia var fin, men som vanleg dryg, og han gjekk på snaue timen frå Nagastølen. Då var det uvanleg lite saft igjen i beina, og ekstra godt å setta seg i bilen. Utanom ungar på leir i Foreneset og folk i eit par av hyttene ved Holmavatnet, var det ingen å sjå på heile turen. Det var óg lite fugleliv å skryta av, men nokre innslag av galande gaukar.

Det vart om lag 20 km, 800 hm og 5 ½ timar på tur, denne gangen “non stop” heilt utan pausar som er sjeldan kost for meg. Returen om Svortingsvatnet var drygt 1 km kortare enn turen inn om Grimsli. Den tredje traseen om Småsildalen er kortast, men har noko større høgdeforskjell.

Eit tips å merka seg er at stien gjennom Kvelven tilnærma følger kommunegrensa på kartet, før han bøyer av austover og opp det bratte skardet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.