Fire turar i Engerdal og Trysil (06.06.2021)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Characteristic Hillwalk
GPS
Ascents Veslfjellet (1,005m) 06.06.2021 09:46
Søndre Kvitvolaknappen (1,135m) 06.06.2021 10:56
Nordre Kvitvolaknappen (1,153m) 06.06.2021 11:21
Den brune høgda (790m) 06.06.2021 15:08
Ulvsjøberget (854m) 06.06.2021 16:22

Vi vakna opp i bilen til strålande flott vêr. Etter frukost gjekk vi i vegen mot Veslfjellet frå der vi hadde overnatta. Typisk nok vart vêret meir overskya då vi gjekk i vegen. Turen opp til Veslfjellet var kort og fin, men litt tungt underlag.

Neste tur gjekk på Kvitvolaknappane. Stor parkeringsplass ved start, og flott råk heile vegen. På tur til Nordre Kvitvolaknappen oppretta vi Søndre Kvitvolaknappen, på turen attende følgde vi råket som gjekk på nedsida av Søndre. Flott utsikt mot Sølen på denne turen.

Dagens tredje tur vart Den brune høgda. Vi parkerte i vegkanten, og gjekk gjennom skogen til toppen. Overraskande lettgått terreng, men ingen høydare av ein tur.

Dagens fjerde, og siste, tur gjekk til Ulvsjøberget ved Vestby. Her var det igjen fint råk. Godt merka turstart. Ein del mygg i dei nedre partiane, men betre lengre opp. Fin utsikt på toppen.

På veg til Veslfjellet (ikkje eit svart hol som vi så vidt unngjekk, men ein finger i vegen for linsa...)
På veg til Veslfjellet (ikkje eit svart hol som vi så vidt unngjekk, men ein finger i vegen for linsa...)
På Veslfjell med Kvitvolaknappen bak
På Veslfjell med Kvitvolaknappen bak
På Veslfjell med Sølen bak
På Veslfjell med Sølen bak
På veg til Søndre Kvitvolaknappen
På veg til Søndre Kvitvolaknappen
På Søndre Kvitvolaknappen
På Søndre Kvitvolaknappen
Mot Sølen og Nordre Kvitvolaknappen frå Søndre
Mot Sølen og Nordre Kvitvolaknappen frå Søndre

På veg til Nordre Kvitvolaknappen
På veg til Nordre Kvitvolaknappen
På Nordre Kvitvolaknappen
På Nordre Kvitvolaknappen
På den brune høgda
På den brune høgda
På Ulvsjøberget
På Ulvsjøberget

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.