Multisporthelg i Førdsdalen (29.05.2021)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
Besteigungen | Nordvest for Sjuvatnet (749m) |
29.05.2021 ![]() |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Bomveg Førdsdalen (75m) | 29.05.2021 |
Førdsdalen buldring (250m) | 29.05.2021 |
I desse innanrikstider er det ikkje alle forunt å ha sitt næraste ferieland rett over fjorden. Men det har altså vi, og det heiter Ålfoten. Eit forjetta land der ørreten vakar, hjorten er tam breane breier seg over 400.000.000 år gammal sandstein (ja nettopp - vi snakkar Devon), og det er så mange buldresteinar ein kan drøyme om.
Så det var klart at Førdsdalen i Ålfoten var helgas program - saman med to andre familiar. Vigdis og Asgeir med tre unge lovande, og Bjørn Tore og Katrine med sine tre. Avgang fredag ettermiddag, og heim søndag. Hu og hei!
Grunna litt hastepakking og ei førestilling om at vi måtte ta beina fatt før vi kunne slå opp teltet, pakka vi relativt lett (sikkert under 100 kg samla). På ferga var det klart at vi hadde vorte slått ned i støvlane. Bjørn Tore hadde hengar for å få plass til alt pikkpakket - mellom anna ein portabel utedo frå Biltema som vart løfta fram som det luraste på campingfronten sidan samanleggbare tannbørstar. Sjølv hadde vi berre fylt lasteplanet på pickupen, og lurte på om vi kom til å klare oss gjennom to netter.
Det neste spenningsmomentet var om vi kom til å finne ein god teltplass. Her var eg litt nervøs ettersom det var eg som hadde gjort undersøkingane. Men er det mogleg: vi fann ein perfekt leirplass ved Grunneløken. Her var det berre å slå opp telta og fyre i gang primusane.
Ja, der vi stod i kveldssol (på fjelltoppane) og 20 grader – utan mygg – byrja vi å forstå at dette kom til å bli greier. Rundt oss var elva grunn så det var svært vanskelig å drukne, og det vaka av masse ørret (riktignok av det mindre slaget, men likevel). Og rundt i terrenget var det mengder med buldresteinar som kunne bestigast omtrent rett frå vegen. Om ein då ikkje ville ta kikerten for å sjå etter ruter i veggen over oss. Milde makaroni...
Etter litt mat tok eg ungane på ein liten buldretur, noko som også glei over til grottevandring og diverse oppdagelsesferder, før det var kveld. Eg gjekk meg også ei lita runde sjølv, og ramla over eit perfekt men hardt riss. Dette vart sporenstreks pussa for sending neste dag. Ohoi!
Dagen etter var det like fint vær. Ungane var tidlig oppe, og kosa seg med verdas eldste leik: kasting av stein i vatn. Eg sjekka ut risset eg pussa dagen før, og det var så hardt at eg knapt klara å etablere meg på det. Så då har eg fått meg eit nytt prosjekt. Men før eg var tilbake i leiren hadde eg pussa og gått to fine bulder på 6B-talet. #livskvalitet.
I leiren var alle klare til å gå på tur, og vi køyrde inn i vegenden for tur til Hylle 7 (google Bremanger Hyller så forstår du desse greiene her). Eskil forsvann med ein kamerat framover i stien, medan minstemor Olina traska gjennom det urlendte terrenget i time etter time. Du store alpakka, kva er det med Ålfoten? Vi kom oss eit stykke opp på Hylle 7, og såg på landskapet og kosa oss på svaa, før turen gikk tilbake til leiren. Her vart det baconpannekaker til små og store.
Søndagen var litt roligare. Eskil hadde tidlig avgang grunna bursdagsselskap, men vi rakk å pusse ein stein med finfine nybyrjar- og barnebulder rett ved vegen, og heile gjengen var i sving for å sikre seg førstebestigningar. Bra oppdrift.
Deretter gikk turen heim i finværet, med full utedo og minnebank!
Takk for turen!
Benutzerkommentare