Sogndal: Troget, Blånipa og Bukkaholten (30.05.2021)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Parkering Fjærlandstunnelen (340moh)
Sluttsted Parkering Fjærlandstunnelen (340moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 8t 41min
Distanse 24,4km
Høydemeter 1881m
GPS
Bestigninger Bukkaholten (1524moh) 30.05.2021 09:08
Troget (1566moh) 30.05.2021 12:54
Sør for Bukkaholten (1441moh) 30.05.2021 13:44
Blånipa (1470moh) 30.05.2021 14:21
Vest for Blånipa (1457moh) 30.05.2021 14:24

Ein tur som vi har tenkt på mange gongar vi har kjøyrt forbi. Utan vidare info ang snøforholda i Lundaskaret la vi i veg. Denne turen har vi tenkt på som ein veldig sein skitur, slutten av mai virka fornuftig. Greia er opp Lundaskaret der det er bratt. Stien er veldig god og sherpaaktivitet er tydeleg. Ein god del muring og wire gjer det trygge og greit å gå opp berre snøen er borte. ein må krysse renna ein gong. Er snøen veldig hard kan brodder/stegjern være nødvendig. Dette hadde vi ikkje med men den høge temperaturen gjorde av i kunne sparke oss inn i snøen. Det er nok muleg å kjøyre renna på randoski, men med fjellski gjekk vi både opp og ned. Heilt greit. 2 andre, truleg randofolk, hadde skrensa seg ned renna når vi kom tilbake etter turen vår. Sørgjeleg å gå langs det regulerte vatnet, før den bratte oppstigninga. Enkelt til Torget, så vidare mot Blånipa. Denne såg bratt ut på avstand men som vanleg løyser det seg. Satte igjen skia og gjekk til topps i blaut snø. Hard snø her vil kreve stegjern. Enkelt til Bukkaholten og så retur samme vegen vi kom opp. ei veldig grei og spennande rute for å ta desse 3 toppane i ein jafs.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.