Turar i Engerdal og Trysil på køyretur frå Isteren til Gåsbu (30.05.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Rokampen (868m) | 30.05.2021 10:29 |
---|---|---|
Bårn (1,079m) | 30.05.2021 11:24 | |
Galtåsknappen (980m) | 30.05.2021 14:25 | |
Slettvola (774m) | 30.05.2021 16:45 | |
Volgnollen (782m) | 30.05.2021 16:58 | |
Varlia (966m) | 30.05.2021 18:36 | |
Visits of other PBEs | Galten gård P-plass (660m) | 30.05.2021 13:38 |
Varlisætra parkering (715m) | 30.05.2021 18:00 |
Turane
Tur 1: Bårn i Engerdal: 8,9 km - 439 hm - 3 t 21 min
Tur 2: Galtåsen i Engerdal: 8,3 km - 320 hm - 1 t 42 min
Tur 3: Volgnollen i Trysil: 3,4 km - 119 hm - 53 min
Tur 4: Vardlia i Trysil: 5,5 km - 256 hm - 1 t 17 min
Turen til Bårn
Vi gjekk i vegen frå der vi overnatta i bilen. Vi følgde vegen innover, før vi gjekk oppover i terrenget. Greitt og fint terreng å gå i, vi var forberedt på at det skulle vere meir kronglete. Fin utsikt på Rokampen.
Vidare fortsatte det å vere fint å gå opp til Bårn. Vêret var strålande flott og kolossalt varmt. Veldig flott utsikt på Bårn, ein overraskande flott tur eigentleg. På veg ned tok eg eit lite bad i vatnet på om lag 920moh.
Turen til Galtåsen
Dagens andre tur gjekk til Galtåsen. Vi parkerte ved Galten gård, gjekk hundre meter nordover på hovedvegen før vi tok av på råket mot toppen. Veldig bra råk heile vegen opp. Flott utsikt også her. Møtte nokre andre turgåare her, så dette er nok ein populær topp. Kristine gjekk i front nesten heile turen, og gjekk i høgt tempo. Den siste bakken opp tok vi eit motbakkedrag.
Turen til Volgnollen
Helgas kjedlegste tur. Vi parkerte like nedanfor Volum, som såg ubebodd ut, og til å vere under oppussing. Vi følgde greitt råk til Slettvola. Frå Slettvola gjekk vi i terrenget til Volgnollen, og vidare i terrenget til vi kom inn at på råket like før Volum. Ingen utsikt på turen.
Turen til Vardlia
Vi parkerte på parkeringsplassen nedenfor Varlisætra, og gjekk på godt råk opp til toppen. Ganske fin utsikt på toppen her.
User comments