Hoåsnebba (29.05.2021)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Characteristic Hike
Duration 7h 17min
Distance 10.9km
Vertical meters 1,633m
GPS
Ascents Hoåsnebba (1,616m) 29.05.2021 12:15
Nordre Hoåsnebba (1,638m) 29.05.2021 12:39
Visits of other PBEs Hoåsbrekka p-lomme (113m) 29.05.2021 08:17
Forrige helgs skitur til Kongskrona gjorde oss oppmerksame på at ruta opp til Hoåslia såg overraskande snøfri ut, så ved neste og beste anledning blei det beslutta å ta ein tur opp hit. Hoåslia var framleis bratt og strabasiøs, men belønninga er som alltid verdt strevet. Oppe ved Fossa går ruta østover langs kanten mot Sunndalen. Det har i nyare tid blitt merka ruta opp her. Denne brukte vi berre sporadisk på veg oppover, men kom oss likevel greit fram. Litt klyving siste biten over kanten mellom bratt terreng og snøfonner som framleis ikkje har gjeve tapt for vårsola. Kryssing av ytterligare nokre snøfonner på toppen før samtlige toppunkt og varder blei besøkt, inkludert ein litt lengre avstikkar bort til Nordre Hoåsnebba.

Returen blei lagt i ei slynge litt lengre ned mot Fossa før vi kløyv ned over kanten. Her blei det gjort litt sondering før vi fann ei rute som viste seg å være like så kurrant som ruta opp, og kanskje til og med litt tidbesparande. Tett pakka med høgdemeter på veg ned også, og slitne lår nede ved bilen etter ein fin tur.
Snøfonnene oppe på Hoåsnebba forseres. Gjennomslag og ein del bannskap blei det.
Snøfonnene oppe på Hoåsnebba forseres. Gjennomslag og ein del bannskap blei det.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.