Gamlestølsknuten m.fl. frå bivuakk ovanom Venavatnet (29.05.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Gamlestølsfjellet (751m) 29.05.2021
Nord for Gamlestølstjørna (781m) 29.05.2021
Sør for Lågahei (816m) 29.05.2021
Nord for Skivatnet (681m) 29.05.2021
Sør for Støladalen (602m) 29.05.2021

Det vart smått med søvn i Røsselia under Brogavassklubben, og i 5-tida slo morgonsola til med smellkysset sitt på vindsekken. Då var det ingen vits i å ligga lenger, og det var tid for nytt måltid i soveposen. Alt i 5:30-tida var eg av gårde med lett bør ned mot Skitlitjødna, og like nedanfor var Skitliåna lett å steingå. Dagens hovudmål Gamlestølsknuten var óg første mål, og eg hadde planar om bestigning frå nord med minst mulig tap av høyde. Det var naturleg å følga bekken frå Litle Gamlestølstjødna til topps for så å holda sørover vest for dei to små tjødnane. Det var med spenning eg fekk målet i syne og kunne konstatera at det var eit naturleg drag midt imot, på nordvestsida av det ellers bratte og uinntakelege massivet. Og eit merkeleg massiv er det sanneleg, midt i eit dalsøkk og omgitt av høgare fjell på tre av fire sider.

Klokka nærmar seg 4 og maidagen gryr ved Venavatnet

Frukost i soveposen like etter soloppgang ved Venavatnet

Ovanom øvre Krødene med utsikt ned Skitli mot Longavatnet, med Vardhusheia og Liaknuten dominerande. Bakerst er Heia- og Småsilhodnet kjenneslege

Flott syn av steile Gamlestølsknuten ved Store Gamlestølstjødna. Draget det er naturleg å følga til topps, sjåast til høgre

Eg måtte bare sleppa meg ned 70 hm til foten av knuten før det bar bratt, men greit 120 hm opp på det vardelause toppunktet. Og det var herleg å toppa ut her på 751moh ei grytidleg morgonstund til heilt nytt og spennande rundskue. Spesielt var det flott utsikt inn Storekvæven, mot den dramatiske nordveggen på Steinfjellet og ikkje minst over vakre Skivatnet som eg aldri har sett på nært hald før.

Frå oppunder toppen av Gamlestølsknuten med utsikt nedover dalsøkket mot Longavatnet. Ellers sjåast Store Nagatjødna til venstre i bildet

På Gamlestølsknuten med utsikt mot Storekvæven og Uraleitet/Holmaknuten

Frå Gamlestølsknuten mot vakre og skogkledde Skivatnet. I bakgrunnen sjåast óg litt av Svartavatnet

Frå om lag same staden mot den mektige nordveggen på Steinfjellet, naturleg nok kalla Skivassfjellet på gamle kart

Eg hadde opprinneleg plan om å gå austover til Storekvæven og få med meg dei tre sekundærtoppane aust og nord for Store Gamlestølstjødna, men eg hadde fått augene opp for det fine og interessante høgdedraget vestanfor knuten, og ikkje minst eit navnlaust men høgreist toppunkt lengst vest. Eg tok meg derfor ned bratt, men greit mot sørvest og kom meg opp på den nevnte sekundærtoppen på 681moh nord for Skivatnet.

Og som venta skuffa ikkje utsikten her heller; flott både mot utløpet av Skivatnet og mot nordre del av Longavatnet. Vidare gjekk eg over eit anna toppunkt og heilt vest til eit vardesett utsiktspunkt med herleg panorama over heile Longavatnet og myrområdet sør for vatnet. Her var det bare å slå seg ned for ein god pause og nyta stunda til fulle.

Nedstigning frå Gamlestølsknuten med utsikt over høgdedraget vestanfor. Sekundærtoppen nord for Skivatnet som er neste mål, sjåast sentralt i bildet

Eit mektig hogg i nordveggen på Steinfjellet. Kan dette vera det eigentlege Splitthodnet som er navngitt på gamle kart?

På sekundærtoppen nord for Skivatnet med utsikt over utløpet av vatnet. I bakgrunnen sjåast 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet) og Bratteliknuten

Frå same staden med litt meir vestleg utsikt, og me ser Svartavatnet under Godlifjellet

Frå same staden med utsikt mot nordenden av Longavatnet og den kuperte Jørpelandsheia. Dominerande toppar er Vardhusheia, Krunefjell og Liaknuten

På vardepunktet lengst vest på høgdedraget med praktfull utsikt over Longavatnet. Dei same toppane dominerer

Frå same staden med utsikt over utløpet av Skivatnet. I bakgrunnen sjåast 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet) og Bratteliknuten

Frå same staden med utsikt mot myrene sør for Longavatnet og sørenden av vatnet. Dessutan ser me Svartavatnet under Godlifjellet og ein flik av Kvednavatnet under Bratteliknuten

Frå same staden med panorama over vakre Longavatnet

Returen gjekk tilbake over slake myrer til dalsøkket under Gamlestølsknuten, så vidare opp til sekundærtoppen på 781moh i nord. Her var det heller ingen varde, men flott utsikt mot både Store og Litle Gamlestølstjødna på kvar si side, og dessutan mot Krøysaheia og Lågahei i nord, som me var oppom på turen gjennom Krøys i fjor. Vegen gjekk vidare bratt ned og greit opp på sekundærtoppen sør for sistnevnte på 816moh, jamvel denne utan varde. Framleis fin, men litt anna utsikt som óg inkluderte Bergeheia, høgaste toppen i Krøys med sine 847moh som me óg var oppom i fjor.

Retur med utsikt mot Gamlestølsknuten og sekundærtoppen i nord, som er neste mål

Vannfylling med tilbakeblikk mot sekundærtoppen nord for Skivatnet

Oppunder sekundærtoppen nord for Gamlestølsknuten med utsikt over tjødna vestanfor. I bakgrunnen sjåast Vardhusheia med Brogavatnet

På sekundærtoppen nord for Gamlestølsknuten med utsikt mot Litle Gamlestølstjødna, Krøysaheia og Lågahei. Sekundærtoppen sør for sistnevnte som er neste mål, sjåast heilt til høgre

Frå om lag same staden med utsikt over Store Gamlestølstjødna

Frå same staden mot Gamlestølsknuten
Frå same staden mot Gamlestølsknuten
På den vardelause sekundærtoppen sør for Lågahei mot dei to lågare, men vardesette toppane i sør

Mot Krøysaheia med Krøysatjødna og Krokavatnet

Mot Gamlestølsknuten
Mot Gamlestølsknuten
Mot sekundærtoppen nord for Gamlestølsknuten og Litle Gamlestølstjødna

Klokka var bare litt over 9, men det var likevel tid for roleg retur. Den gjekk tilbake langs nordsida av Litle Gamlestølstjødna og ned langs bekken der eg kom opp 3 ½ timar tidlegare. Men eg hadde sett meg ut endå eit flott utsiktspunkt, nemleg den vesle sekundærtoppen sør for Støladalen og Vardhusheia, så det vart rask gange ein god km til Stølaskardet og lett bestigning til topps på 602moh. Og som eg visste ut frå kor kvass og eksponert toppen ser ut frå stemmen i Longavatnet, var det ingen ting å sei på utsikten over nettopp Longavatnet. Vel verd å få med seg!

Frå ryggen nord for Litle Gamlestølstjødna mot tjødna og sekundærtoppen nord for Gamlestølsknuten

Frå om lag same staden mot Venavatnet, Skitlitjødna og ein flik av Brogavatnet. Den dominerande toppen er Venafjellet med "glefsa" på sørsida

Pause med utsikt ned Skitli mot Longavatnet. Her kom eg opp frå øvre Krødene 3 ½ timar tidlegare

Høgreist tørrfore ved Øvre Krødene, som Jørpelandsheia er så rik på

På veg nedover Skitli mot sekundærtoppen sør for Støladalen til høgre i bildet

Øvst i Støladalen med utsikt mot Vardhustjødnane og Krunefjell

Lengst nordvest på sekundærtoppen med om lag same utsikt

Frå same staden mot sjølve Longavatnet med Ospeskardet og Heia-/Småsilhodnet i bakgrunnen

Frå toppunktet på sekundærtoppen med utsikt sørover Longavatnet. Me ser mot nedre Krødene og utløpet av Skitliåna nærast og Bratteliknuten og Godlifjellet i bakgrunnen

Frå om lag same staden mot Skitli og øvre Krødene

Herifrå vart det definitivt vendereis tilbake til basen i Røsselia, der eg varma meg ein rask lunsj på stormkjøkkenet før eg vende ryggen til Krøys for denne gang. Med 6 nye toppar i til dels nytt terreng var dette maksimal uttelling. Og kor lite besøkte dei toppane er, viser seg ved at ingen av dei er vardesette. Tilbake ved bilen øvst i Målandsdalen etter om lag 19 km, 750 hm (+500 hm ekstra ned) og 7 flotte timar på tur.

På returen med utsikt mot Straumane med Hildra-, Kroka- og Venavatnet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.