Brogavassklubben frå Målandsdalen (28.05.2021)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Brogavassklubben (714m) | 28.05.2021 |
---|
Dette vart ein kjempetur i fine og uberørte Krøys mellom Jørpelands- og Lyngsheia siste helga i mai, toppa av overnatting under blank himmel. Hovudmålet med turen var den godt gøymte Gamlestølsknuten heilt inne ved Skivatnet, som neppe har mange besøk i året.
Med minimal oppakning for eit godversdøgn ute gjekk turen opp den bratte traktorvegen frå Målandsdalen greit, og planen var å koma seg inn mot Venavatnet før solnedgangen. Eg ville få med meg Brogavassklubben og sikta meg inn mot det eg trudde var toppen, men kom i staden til eit vardepunkt litt lenger nord der eg fekk orientera meg i landskapet. Det vart vendereis til sekken før eg gjekk eit kort stykke og fann ein god bivuakkplass i Røsselia like under klubben, med flott utsikt over Venavatnet og soloppgangen. Tok så ein svipptur til topps på 715moh før det vart enkel kvelds i soveposen i 22-tida, etter om lag 8 km, 600 hm og 2 ½ timar på tur.


Lyset gjekk aldri heilt, og natta gjennom var det topp underhaldning av skrattande lirype, mekrande enkeltbekkasin, galande gauk, orrespel og heipiplerke. Og sanneleg kikka nokre stjerner fram den tida det var mørkt nok. Eit minne for livet dette!
Benutzerkommentare