Nf metodekurs klatring (16.05.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Climbing
Duration 24h 01min
Map
Visits of other PBEs Nedstefeltet (100m) 17.05.2021 22:45
Haus klatrefelt (30m) 17.05.2021 22:45
Beachen/Bølgen (50m) 17.05.2021 22:45

Denne helga var det duka for metodekurs klatring med Endre Vonheim frå Norgesguidane. Deltakarar var Torbjørn, som hadde organisert sakene, og meg og Kjartan. Dette vart fire dagar fullpakka av praktisk læring, der vi stort sett hang i selen og tenkte som det knaka på tausystem heile dagen - med Endre si lavmælte men svært kyndige vegledning. Når været også spelte på lag så vart dette ei knallhelg!

Programmet var som følger.
Dag 1. Sikringsplasseringar, standplass og rapell. Gamle øvstefeltet i Austefjorden.
Dag 2. Taulagsrutiner over fleire lengder. Nestefeltet i Austefjorden.
Dag 3. Kameratredning. Haus klatrefelt, Nordfjord.
Dag 4. I dag var det regn, så vi søkte tilflukt på Beachen i Loen. Redning på travers, teori, og lokaliseiring av 6er- og big-bro-plasseringar på Beachen.

Takker for ei super helg!

Eit av få øyeblikk der kursdeltakarane slappar av
Eit av få øyeblikk der kursdeltakarane slappar av
Sjokkerande møte med sunnmørsk bolteetikk
Sjokkerande møte med sunnmørsk bolteetikk
Fint klasserom, fåsds
Fint klasserom, fåsds
Mykje å holde styr på i kameratredning
Mykje å holde styr på i kameratredning
Big bro på Beachen - må vere første gong! Sat som eit skudd, treng ikkje boltar her!
Big bro på Beachen - må vere første gong! Sat som eit skudd, treng ikkje boltar her!
Skulle du tryne på ein travers og treng redning så er det desse to du vil ha i taulaget!
Skulle du tryne på ein travers og treng redning så er det desse to du vil ha i taulaget!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.