Snøfjellet/Blålidalsfjellet - Verdensnatur i vindmølleruin! (13.05.2021)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Characteristic Hike
Duration 2h 13min
Distance 5.6km
Vertical meters 545m
GPS
Ascents Blålidalsfjellet (783m) 13.05.2021
Snøfjellet (782m) 13.05.2021

https://folk.uib.no/nglhe/Papers/Norgesgeologi%20kap7.pdf
Ingen ting anna å seie enn at dette vindmøllegreiene som helde på å rasere norsk natur no er så inni hampen feil!
Det er valdtekt av naturen og dei ressursane som urørt natur kan gi oss av opplevelser. Rik eller fattig speler ingen rolle! Når det kjem til det siste i livet er naturen og stillheita det største vi mennesker søker etter. Også i eit stadig meir krevjande teknologisk liv, rikdom og i søken etter annerkjennelser. Naturen blir flittig brukt på alle sosiale medier! Ingen som tek det tøffe ski, natur, klatrebildet på tindane om ein er aldri så mykje tindevegleder, amatør, den vanlige, mosjonist eller bevandra eventyrer! Og det med vindmøller eller master og anna menneskeskapt kaos i bakgrunn av lykkebildet og statusen som fokus. Kvifor eksploderer det fortsatt med nye vindmølleparker på norsk jord...Kapital og egoisme... ikkje lenge sidan eg var på eit oppslutningsmøte mot planlagte vindmøller i Høyangerfjella/Gaular. Det er viktig å stille på meir enn nokon gong. Beundrer dei menneska som sto på oppe på Haramsøya. https://motvind.org/haramsoya/
Det er trist heile greia! Ein tur som dette er ein tur der ein reflekterer over det tapte når ein skuer til den eine kanten! Snur ryggen til og prøver å nyte legdene og dei reine linjene i fjella og rypa som prøver å snike seg vekk i sin naturlige skifte av kamuflasje! Håper den overlever vindmøllene like ved og kan nyte fjell livet og kanskje sine nyklekte kyllinger. Og at eg får lov å fryde meg over akkurat eit sånt sårbart øyeblikk i naturen i fred. Det er slett ingen selvfølge lengre med den raske utviklinga som skjer no.

https://www.zephyr.no/wp-content/uploads/2020/11/Guleslettene-brosjyre.pdf

Mot varden på Snøfjellet 782 moh og Klauvekeipen i bakgrunn.
Mot varden på Snøfjellet 782 moh og Klauvekeipen i bakgrunn.
Ifrå Blålidalsfjellet 783 mot Trollenipa, Haukåbøra og Børafjellet
Ifrå Blålidalsfjellet 783 mot Trollenipa, Haukåbøra og Børafjellet
Ifrå Blålidalsfjellet 783 mot den markante Hornelen i bakgrunn. Vindmøllene ute ved Marafjellet...(Hennøy vindpark)
Ifrå Blålidalsfjellet 783 mot den markante Hornelen i bakgrunn. Vindmøllene ute ved Marafjellet...(Hennøy vindpark)
Altid eit kjært syn er Alden bakerst i havhorisonten.
Altid eit kjært syn er Alden bakerst i havhorisonten.
Ifrå Blålidalsfjellet
Ifrå Blålidalsfjellet
Mot det runde Blålidalsfjellet
Mot det runde Blålidalsfjellet
Vindparken ved Magnhildskaret
Vindparken ved Magnhildskaret

https://peakbook.org/tour/363534/Vindm%C3%B8lleturen+i+bakg%C3%A5rden+til+Bruheims+rike+%26+stille%21.html

Kvitveis er den finaste vårblomen eg veit!
Kvitveis er den finaste vårblomen eg veit!
Vemodigt syn...
Vemodigt syn...
Dei "gamle" mastene vart blåbær i forhold!
Dei "gamle" mastene vart blåbær i forhold!
Ikkje lenger så kamuflert i snøfeltet! Våren i anmarsj!
Ikkje lenger så kamuflert i snøfeltet! Våren i anmarsj!
Søte er dei :)
Søte er dei :)

Var heldig å få oppleve denne turen og stilla som diktaren Magnus Bruheim beskiver i sine tekster, før ødeleggelsen av eit så vakkert og unikt naturområde. Der vindmølleutbyggerane beskriver naturen som fattig.
https://peakbook.org/tour/305300/Fem+fjell+i+Bruheims+rike+%26+Botnane+i+Bremanger.html

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.