Rundtur (13.05.2021)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Børafjellet (760m) | 13.05.2021 |
---|---|---|
Trollnipa (911m) | 13.05.2021 |
Flott temperatur denne skjærtorsdagen. Eg starta turen fullt påkledd, men eg er glad eg hadde teke med shorts og t-skjorte. Var litt mykje snø på turen.
Starta ved krysset ved Nordalsfjorden og brukte stien som er beskrive mot Haukåbøra i oppturboka. Stien går over nokre bruer, merka med "på eige ansvar". Eg er glad det var tørt.
Fulgte merka rute opp til Børabu og tok av opp til Børafjellet. Vidare gjekk eg nedatt til stien og fulgte merka løype opp på ryggen og tok av opp mot Trollnipa. Eg tok sjansen på å sikte meg ned til stien som går tilbake forbi Gulskarlivatnet. Eg fann eitt og anna merke nedover, men det er tydeleg at det er lenge sidan merkinga var gjort. Det gjorde det utfordrande å finne ruta. Så det vart litt fram og tilbake på enkelte stader. Tok litt for mykje til venstre ned langs Tjørnesvatnet. Men fann til slutt ein sti ned til grusvegen på Haukåstølen. Fulgte hovudvegen tilbake til bilen.
User comments