Løvstakken frå Bønes (06.05.2021)  5

Written by staleno (Ståle Nordås)

Start point Bønesparken (104m)
Endpoint Bønesparken (104m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 07min
Distance 8.7km
Vertical meters 523m
GPS
Ascents Gullsteinen (352m) 06.05.2021
Løvstakken (477m) 06.05.2021
Storhaugen (470m) 06.05.2021

Har berre vore på Løvstakken ein gong før, og då gjekk eg rett opp frå Fjøsanger. I dag hadde vi satt av ettermiddagen, og ville ha ein tur som var hakket lengre.

Litt vanskelege parkeringsforhold ved Bønesparken klokka halv seks ein torsdag ettermiddag, men vi fann plass til slutt.

Passe bratt oppover første biten, og allereie på Gullstølen kan ein nyte god utsikt, og ta ein pause i gapahuken om ein vil. Etter Gullsteinen får ein eit stykke i lett terreng, og kan samle krefter til det siste bratte strekket opp på Løvstakken. Behageleg turvêr - lettskya, 8 grader, nesten vindstille, og ikkje veldig mykje folk på stien.

Litt utilsikta tok vi ein annan trasè nedover, ikkje berre ein men to gongar. :-p Men alle stiar førte heldigvis til rett adresse, så då var det jo like greit med litt variasjon.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.