Dronningkrona (07.05.2021)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 2h 39min
Distance 17.1km
Vertical meters 1,710m
GPS
Ascents Dronningkrona (1,816m) 07.05.2021

Lågsiktsprosedyrer og godt ettermiddagstempo. Godt hjulpe av god dagsform stoppa klokka på 1:51 ved varden på toppen. Lett turutstyr har absolutt sin sjarm i høgfjellet!

Aldri gått fortare opp, og aldri køyrd seinare ned. Nedatt til knappe 1000 moh vart det utelukkande navigering på GPS og særdeles forsiktig manøvrering langs oppoversporet, for i det heile tatt å kome seg heimatt. Spektakulært dårleg sikt som førte til at eg datt eit par gongar fordi eg ikkje såg om terrenget gjekk oppover eller nedover (til trass for at eg stod midt i "800-metersbakken").

Skia på sekken dei første/siste 150 høgdemetrane, men med nedbør og nysnø i trea ned til 400 moh, så tek ikkje sesongen slutt med det første

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.