Suletinden (07.05.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 58min
Distance 18.2km
Vertical meters 864m
GPS
Ascents Suletinden (1,780m) 08.05.2021 15:25

So kjekt at ein kan gå på ski til Suletinden godt ut i mai. Og det i eit år med lite snømengd. Nordaver over tid har gjort susen. Og litt påfyll av snø innimellom, særleg over 1000 moh. Fredag, og siste dag i ei fantastisk ferieveke i mai. Godt alternativ til Mallorca. Tredje skitur, og fleire andre fine fotturer har mai du skjønne, bydt på. Ikkje alltid like mildt i år, men med mykje sol. Vi valde ruta frå Grønna ved Kyrkjestølane i dag. Ein kan gå Suletinden på ski frå Skitrekket via Sulebu og Suleskardet. Det er lengre. Nokon går frå Nystova. Fillestølen, Buhaugane og frå Nedre Smeddalsvatn er også fint. Kortast er det frå øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Denne gongen valde vi Randonee-utstyr, og angra ikkje på det. Fin køyring frå under toppkruna på fjellet og til Fiskebu, 15 min medrekna syrepausar. Så gikk vi utan feller, med lause sko og hel, til hytta ved Monsetjodn. Berre få lette kneikar med skrågang, køyring også der inni mellom. Og så frå haugen ved hytta, fin køyring ned mot Kongevegen, og Grønna.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.