Langhamrane (05.05.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 2h 58min
Distance 9.1km
Vertical meters 541m
GPS
Ascents Langhamrane (957m) 05.05.2021 13:51

Besøk i Høyanger-fjella. Marita har budd i her i 25 år, og har fleire bekjende. Det var ei som ville vere med å gå på Rando med oss til Langhamrane. Den smale vegen svingar seg bratt opp fjellsida ovanfor byggefeltet. Etter om lag 400 meter flata det ut, og vi kjem til parkeringa for frilufts-område på vinteren, med skitrekk og løyper på Sipplo. Snøen låg enno heilt nede ved parkeringa takka iherdig køyring av trakkemaskin som har pakka snøen godt. Slik kan ein då komme seg vidare opp i fjella på anleggesveg som er løypekøyrt. Kun ein stad i lengd 10 meter var det bart, men ei snøstripe på kanten fekk oss forbi. Etter ei tid på desse vegane kom vi over i kuppert terreng. Idyllisk med knausar, og små eldre berekraftige hytter innimellom. Så bar det oppover og innover. Vi holdt på sida av vatn. Opp i skaret møtte oss ein kraftig vind, men no var det kort til topps, og masta. Her fekk vi ly av hytta og kosa oss med mat, kakao og svært fin utsikt. Nedkøyringa med nokre små brattheng var morro køyring. Turen tok 2 timar opp, og ein knapp halvtime nedatt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.