To toppar i Raulandsfjell (01.05.2021)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 09min
Distance 22.0km
Vertical meters 1,221m
GPS
Ascents Breiddalseggi (1,568m) 01.05.2021
Husnuten (1,609m) 01.05.2021

Køyrde til Neset og bar skia opp til Tehytta. Brukte 35 minutt på det, og gjekk så 8 minutt til før eg tok på skia og gjekk innover til Kvikkevatnet. Der møtte eg ein eldre kar på føtene med stavar. Han gjekk med solhatt og bar overkropp! Sjølv hadde eg anorakk på. Prata no litt med han før eg heldt fram inn og opp dalen til høgre for Rundehaug. Då eg snudde meg og såg mot sør, oppdaga eg spektakulære trugande skyer på himmelen som var så blå og fin. Vêret skifta ganske riktig, så etter eg hadde spist matpakke i overskya vær inne ved det øvre Kvikkevatnet, starta det å snø lett, og sikten blei ganske dårleg. Lyset var veldig flatt, og måtte streve litt for å skjønne om bakken gjekk opp eller ned. Brukte gps-en aktivt og fann ein god trase opp til Husnuten nordfrå. Dessverre var det dårleg sikt liten utsikt på toppen. Har berre vore der ein gong før, men hugsa utsynet som supert då. Forsiktig nedkøyring same trase, og så sette eg kursen mot den høgaste Breidalseggi. Medan eg gjekk austover letta vêret over Husnuten. Det kom og gjekk litt snø, men hadde også litt svak sol gjennom hol i skydekket innimellom. Toppunktet dvelte eg ikkje lenge på, gjekk langs venstre flanken av den midtre egga, før grei nedkøyring til Breidalen mellom den midtre og den søndre egga. Nydeleg å svinge seg bed Breidalen i god sikt og flatt og godt underlag. Ut dalen, av med skia, og så ned til bilen. Brukte 6 timar og 10 brutto, 1221 hm og 22 km. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.