Storebjørn + 4 småbjørnar (01.05.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 8h 01min
Distance 18.1km
Vertical meters 1,343m
GPS
Ascents Bjørnelabben (2,153m) 01.05.2021 10:30
Storebjørn (2,222m) 01.05.2021 10:30
Veslebjørn (2,150m) 01.05.2021 10:30
Veslebjørn Nord (2,110m) 01.05.2021 10:30
Veslebjørn Sørøst (2,075m) 01.05.2021 10:30

Fantastisk tur i nydeleg ver på fyrste mai. God Bjørnefangst, då vi var innom 5 toppar over 2000 meter knytt til Storebjørn. Det var ein vanvittig utfartsdag. Alle skulle vist på Sognefjellet i dag. Opp Leirbrean var det 5 felts rando-spor. Fleire hundre personar gikk nok på Leirbrean i dag. Alle like blide. For utsikta heile dagen, 8 timar på tur, var fantastisk. Leirbrean med utsikta undervegs er noko av det vakraste ein kan oppleve med skia på i vårt vakre land. For meg var det andre gong på Storebjørn, medan Leirbrean og toppane rundt her var Maritas fyrste. Vi har vore på store Smørstabbtind på fottur i lag.

Sett bort frå at det var i overkant folksamt, gikk bestigningane greitt. Vi var såpass seint på Storebjørn, at den fekk vi ha for oss sjølve. Føret var prima, særleg opp i retning foten av Veslebjørn. Magiske krystaller i 15 cm laus fin snø. Og heldigvis gode spor. Kjøringa ned frå Storebjørn var grei, men mykje oppkjørt var det sjølvsagt. Mest moro frå Bjørneskardet og ned att til Krossbu.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.