Krunefjell, Øvre Daurmålsknuten og Fonna/Liarhus frå Tysdal (30.04.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Øvre Daurmålsknuten (600m) 30.04.2021
Fonna (599m) 30.04.2021
Krunefjell (723m) 30.04.2021

Flott ettermiddagstur til Tysdalsheia bratt opp traktorvegen frå Tysdal. Tragisk at folk får lov til å bygga slike vegar i urørt natur for å få seg hytte til fjells!

Tysdalsvatnet og Bjørheimskjeften sett frå Tysdal
Tysdalsvatnet og Bjørheimskjeften sett frå Tysdal

Vidare greit opp på Krunefjell småbratt frå nord, brukte kun 70 min. på om lag 700 hm til varden. Kjekt for fjerde gang og andre gang på sommarføre, 30 år sidan sist! Vidare tok eg ein fin runde inn mot Grautabotn som var nytt terreng for meg, og så ein sving oppom Øvre Daurmålsknuten som óg var ny.

I oppstigninga mot Krunefjell med utsikt innover Grautabotn
I oppstigninga mot Krunefjell med utsikt innover Grautabotn
Ennå is på tjødna oppunder toppen av Krunefjell. Heiahodnet dominerer i bakgrunnen
Ennå is på tjødna oppunder toppen av Krunefjell. Heiahodnet dominerer i bakgrunnen
På Krunefjell med utsikt over Tysdalsheia. Reinaknuten og Lauvåsen dominerer på kvar si side av Tysdalsvatnet
På Krunefjell med utsikt over Tysdalsheia. Reinaknuten og Lauvåsen dominerer på kvar si side av Tysdalsvatnet
Fornøgd på Krunefjell med Liarvatnet bak
Fornøgd på Krunefjell med Liarvatnet bak
Frå Krunefjell mot bl.a. Forenes- og Longavatnet med Vardhusheia. Heilt til venstre sjåast det isdekte Brogavatnet
Frå Krunefjell mot bl.a. Forenes- og Longavatnet med Vardhusheia. Heilt til venstre sjåast det isdekte Brogavatnet
Nedstigning frå Krunefjell med utsikt mot Salane og Øvre Daurmålsknuten. Det er tett og går byger innover i Årdal
Nedstigning frå Krunefjell med utsikt mot Salane og Øvre Daurmålsknuten. Det er tett og går byger innover i Årdal
Under Salane ved det markerte steinsette bekkefaret
Under Salane ved det markerte steinsette bekkefaret
Mot Øvre Daurmålsknuten
Mot Øvre Daurmålsknuten
Frå oppunder Øvre Daurmålsknuten med tilbakeblikk mot Krunefjell, og med Ternefjell bak til høgre
Frå oppunder Øvre Daurmålsknuten med tilbakeblikk mot Krunefjell, og med Ternefjell bak til høgre
Frå Øvre Daurmålsknuten mot Middagsåsen og Prammaleitet
Frå Øvre Daurmålsknuten mot Middagsåsen og Prammaleitet
Frå Øvre Daurmålsknuten mot Tysdalsvatnet med kjende silhuettar på begge sider
Frå Øvre Daurmålsknuten mot Tysdalsvatnet med kjende silhuettar på begge sider
Det steinsette bekkefaret med Almåsen i bakgrunnen
Det steinsette bekkefaret med Almåsen i bakgrunnen

På returen var eg oppom Fonna/Liarhus før det gjekk bratt ned vegen att. Flott vårdag, men markert verskille bare like innanfor i Krøys. Men eg hadde flaks med sol nesten heile turen. Snøfenner i nordhellingane etter snøvinteren og siste snøfall for tre veker sidan. Ennå lite fugleliv å sjå i høgda, men ein ringtrost og ein steinskvett liva opp. Litt over 3 timar på tur.

Frå Fonna mot Tysdalsheia og Forenesvatnet med Solknuten. Topprekka i bakgrunnen inkluderer kremtoppane Heiahodnet, Naganibba, Krossfjellet, Godlifjellet, Bratteliknuten og Liaknuten
Frå Fonna mot Tysdalsheia og Forenesvatnet med Solknuten. Topprekka i bakgrunnen inkluderer kremtoppane Heiahodnet, Naganibba, Krossfjellet, Godlifjellet, Bratteliknuten og Liaknuten
Tilbakeblikk mot Fonna og Krunefjell og fonna som truleg har gitt den vesle toppen navn
Tilbakeblikk mot Fonna og Krunefjell og fonna som truleg har gitt den vesle toppen navn
Såta og Nedre Daurmålsknuten sett frå traktorvegen
Såta og Nedre Daurmålsknuten sett frå traktorvegen

At navnet Grautabotn må koma av det gamle ordet grjot for stein, og ikkje av at det var så godt beite der inne, gir seg mest sjølv. For det første er det helst myrete i botnen, og så heiter bekken/elva som renn ned til Tysdal nettopp Grautåna. Og at den markerte og steinsette bekken har gitt botnen navn, er då meir enn sannsynleg. Det same gjeld f.eks. for navnet Grautheller på STF si hytte i Lyseheiane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.