Draumekveld på Grasfjøll (30.04.2021)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 2h 02min
Distance 12.0km
Vertical meters 359m
GPS
Ascents Grasfjell (1,206m) 30.04.2021

Tok helga kl 1330 og køyrde frå Oslo om Rjukan til Skinnarbu. Hadde tenkt på Grasfjøll i vinter, den nordlegaste Seljord 100 m pf-toppen. Eg starta frå Skinnarbu kl 1700, og var på toppen kl 1800. Eit par veker sidan nokon har køyrt spor, men desse kalde nettene vi har hatt sidan påske gjorde forholda heilt fine. Eg gjekk på fjellski med kortfeller, og tok dei ikkje av når eg køyrde nedatt heller. Dei glid ganske bra, og skaren var så hard at det var greitt med litt skrubb. Dette er jo ingen spektakulær topp, men du verda så flott utsikt denne perfekte fredagskvelden på tampen av april. Såg Gaustatoppen, Robekknuten, Brattefjøll og Bossnuten frå ny vinkel, alle fjell eg har vore på og har eit forhold til. Kveldslyset var eventyrleg, og eg rasta med ansiktet mot kveldssola. Gjekk ein liten ekstrarunde tilbake til Skinnarbu for å få litt lengde på turen. 12 km, 2 t og 6 min, 359 hm. Gjekk aleine og var såre fornøgd.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.