Stora Grånosi og Bleia i Lærdal (24.04.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 7h 25min
Distance 21.2km
Vertical meters 1,349m
GPS
Ascents Stora Grånosi (1,566m) 24.04.2021 09:34
Bleia (1,717m) 24.04.2021 14:34

Flotte vermelding med skyfri himmel var det meldt. Slik såg det også ut frå morgon av. Slik blei det ikkje, men ein fin tur fekk vi likevel. Marita ville vere med til Bleia. Hennar fyrste tur dit, og den freista m.a. grunna SjekkUt og topptur-trimmen til Lærdal turlag. Vi valde å gå frå litt nedanfor Vardahaug, for å få fin køyring på returen. Og det fekk vi.

Ruta opp la vi litt under Store Grånosi. Den vart såpass høgt at jammen blei det topptur dit også. Så vart det fint unnarenn heilt ned til Bleiaskardvatnet, 1252. Der vart det mat, og nett då var vêret på det finaste for dagen, med strålande sol og varme. Her kosa vi oss godt før toppstøtet. Oppover vart det etter kvart tettare ver, og snøbyger. Men idyllisk det, sjølv om sikta var så som så. Siste halve km mot toppen vart det litt på kryss og tvers, før vi plutseleg var 50 meter frå varden. Litt etter kom 4 karar også til toppen. Vi hadde sett dei undervegs. Tett då vi starta nedrennet, men etter få minuttar kom sola. Det passa oss bra. Lett då på rando-ski nedatt.

Frå Bleiaskardvatnet på nytt feller på, og fin skitur vidare mellom Bjørnen og Stora Grånosi. Nydeleg og lang sigling nedatt frå under Stora Grånosi. Vi svinga innom Vardahaug støl også, før siste etappe ned mot bilen, og med skogskøyringa til sist. Super turdag.

Store Grånosi. Bleia bak til høgre.
Store Grånosi. Bleia bak til høgre.
Stora Grånosi
Stora Grånosi

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.