Saltdal: Ølfjellet, Addjektind, Skavlen og Lønstinden (07.08.2012)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Lønsdal stasjon (520m)
Endpoint Lønsdal stasjon (520m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 3,200m
Map
Ascents Addjektind (1,444m) 07.08.2012
Lønstinden (1,506m) 07.08.2012
Skavlen (1,469m) 08.08.2012
Skavlen sør (1,436m) 08.08.2012
Ølfjellet (1,751m) 08.08.2012

Langs Kjemåvatnet

Dag 1: Vi parkerte ved Lønsdal stasjon på Saltfjellet. Planen var ein 2-dagers tur med Ølfjellet som hovudmål. Her møtte vi eit triveleg eldre ektepar som skulle på moltetur til Kjemåvatnet. Først fekk vi bekrefta at det er ingenting som heiter Ørfjellet slik kartet seier. Det er Ølfjellet som er og alltid har vore det riktige namnet. Dette har ingenting med drikking å gjere. Øl er skodde/dis som ligg på toppen og var tidlegare brukt som eit tegn på værskifte. I gamle dagar skreiv ein det som Øhlfjellet og det skal uttalast med tjukk l. Dei tipsa oss om å gå langs austsida av Kjemåvatnet, det er bru over elva i nordenden. Vi fann tunnell under togskinnene ca 80 m frå parkeringa. Tidlegare gjekk ein rett over skinnene, det er raude merker der enno men meininga er no altso å bruke undergangen. Etter ca 600 m kom vi til eit stidele der vi tok til høgre. Langs Kjemåvatnet var det stort sett fint å gå, nokre få blaute parti. Frå brua gjekk vi ca 5 km til austenden av Addjekjavvre. Her fann vi tørr teltplass på høgda 1068. Med lett sekk tok vi fatt på dei ca 700 høgdemeterane til toppen. Skodda (ølet) kom og forsvann på toppen så vi håpa på god utsikt der oppe. Vi såg 3 stk på vei ned men kom ikkje i kontakt med dei. Mot toppen gjekk vi omtrent rett frå sør. Glimrande utsikt og skoddefritt på toppen! Returen la vi ned svaparti østover ca 200 høgdemeter før vi kunne gli på snøen langt nedover. Etter ein kaffikopp og litt mat ved teltet plukka vi Addjektind 1444 opp ryggen frå nordaust.

Ølfjellet 1751. Addjekjavvre og Addjektind bak

Dag 2: Vi pakka sekkane og gjekk om Skavlen-toppane 1469 og 1436. Vidare sørover og ned aust for punkt 1356. Satte frå oss sekkar ca 1100 moh og gjekk opp til Lønstinden 1506. Her fekk vi gli nesten 400 høgdemeter på skoa tilbake. Så var det berre utmarsjen igjen, ca 1 mil med merka rute. Etter kvart vart denne tydeleg og god å gå. Vi kryssa Kjemåbekken og gjekk den nordre ruta. Det står skilt her som anbefaler den søre ruta dersom elva er flomstor. Sør for Kjemåvatnet fulgte vi den ruta som går høgast i terrenget for å slippe kratt og myr langs vatnet. 2 flotte dagar. GPS viste 48 km, 3200 m stigning.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.