Skoranutane frå Jonstølen (10.04.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Skoranutane (1,425m) 10.04.2021
Visits of other PBEs Jonstølen (720m) 10.04.2021

Dette vart ei kjempehelg på flotte Jonstølen, endåtil med eksklusiv korona-leige for oss fire som var på tur. 40 cm nysnø gjorde dessutan føreforholda ideelle, nærast heilt til topps på nutane. Det var heldigvis brøyta opp til parkeringa ved Mosvatnet, og me kom fram til varm hytte fredagskvelden med rikeleg plass til å holda forskriftsmessig 2 m avstand.

Klar for turen inn langs Mosvatnet til Jonstølen
Klar for turen inn langs Mosvatnet til Jonstølen
Framme ved standsmessige Jonstølen, som har erstatta den gamle Mostølhytta ved Mosvatnet
Framme ved standsmessige Jonstølen, som har erstatta den gamle Mostølhytta ved Mosvatnet

Første turdag var det meldt vekslande ver med ein del vind, så me la turen opp Rennedalen med håp om å nå Skoranutane i jakta vår etter stortoppar over 1400 moh. Me holdt mot venstre oppetter heile dalen og hadde stort sett medvind. Det var mykje nysnø og ein del fokk, så førstemann fekk ein tung jobb med å trø løype for oss andre. Jamvel slalåmbriller var gode å ha heile dagen.

Start frå Jonstølen
Start frå Jonstølen
På veg opp Rennedalen i nysnøen
På veg opp Rennedalen i nysnøen
Mot Snønuten i skyene til høgre
Mot Snønuten i skyene til høgre
Me vinn høgde oppetter dalen. Det er stadvis avblåst og isete
Me vinn høgde oppetter dalen. Det er stadvis avblåst og isete
Klyving opp eit brattare parti
Klyving opp eit brattare parti
Frå same staden med utsikt nedover dalen
Frå same staden med utsikt nedover dalen

Me hadde heldigvis brukbar sikt i det litt rufsete terrenget oppunder Skoranutane og runda greit opp til toppen nordfrå. Inkludert ein hustrig pause nede i dalen brukte me 3 timar 20 min. til topps. Det var framleis noko sikt, og me såg endåtil heilt ned til Mosvatnet mellom skyene. Etter litt rådslagning skilte me lag her, slik at tre av oss returnerte same veg, medan den ivrigaste toppsamlaren fekk seg ein real runde vidare nordover.

Kupert terreng oppunder Skoranutane
Kupert terreng oppunder Skoranutane
På toppen i hustrig ver
På toppen i hustrig ver

Me var alle heldige med at veret betra seg på returen, og det vart to gode pausar i fint le nede i dalen. Om kvelden vart eg vitne til ein jaktande rev like utanfor hytta, ellers støkte me opp enkelte ryper og såg eit ravnepar.

Lette i veret på returen, med tilbakeblikk mot turmålet bakerst
Lette i veret på returen, med tilbakeblikk mot turmålet bakerst
Mot Jonstølen og Mosvatnet
Mot Jonstølen og Mosvatnet
Flott kveld på Jonstølen med lovnad om finver dagen etter
Flott kveld på Jonstølen med lovnad om finver dagen etter

Til saman om lag 12 km, 750 hm og snaut 8 timar på tur med tre gode pausar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.