Kaldafjellet og Steinkilenuten frå Jonstølen (11.04.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Kaldafjellet (1,480m) 11.04.2021
Steinkilenuten (1,440m) 11.04.2021
Steinkilenuten nord (1,434m) 11.04.2021

Andre turdag på Jonstølen opprann som venta med kaldt og strålande ver, og det var klart for langtur i Dyraheio. Etter å ha nådd Skoranutane dagen før, var planen å følga sommarruta i retning Steinkilehytta og få med seg så mange stortoppar over 1400 moh som mulig.

Me følgte spora våre opp Rennedalen og aust for Tverrlinuten. Vel oppe på småvatna her la me merke til eit tydeleg spor på sørsida av dalen, og lurte på om det kunne vera folk på ei av hyttene her oppe som hadde vore ute på snøskuter. Ikkje før hadde me tenkt tanken, så fekk me sjå eit mektig syn; bak ein fjellknaus 3-400 m framfor oss strøymde det fram vel hundre villrein i raskt trav oppetter dalen. Til alt hell hadde me hatt vinden imot, og dyra hadde ikkje fått veret av oss. Etter kvart vart dei borte oppetter dalen, og det er lite truleg at dei let seg stressa så mykje av oss. Eit mektig syn i sjølvaste Dyraheio!

Aust for Tverrlinuten med Snønuten dominerande bak til høgre
Aust for Tverrlinuten med Snønuten dominerande bak til høgre
Lenger inne kjem Skoranutane til syne bak til venstre, medan villreinflokken strøymer fram til høgre
Lenger inne kjem Skoranutane til syne bak til venstre, medan villreinflokken strøymer fram til høgre
«Nærbilde» av flokken som passerer det kvasse skardet på sørsida av dalen
«Nærbilde» av flokken som passerer det kvasse skardet på sørsida av dalen
Her har hundrevis av klauver hasta framom
Her har hundrevis av klauver hasta framom

Som sagt var planen å følga sommarruta i retning Steinkilehytta, og me tok sikte på den bratte oppstigninga aust for det kvasse skardet på sørsida av dalen. I søkket me følgte var det mykje snø, men igjen stor takk til førstemann som trødde løype for oss andre. Vel oppe av bratta kunne me lett følga gode nødlingar vidare, og i ei fin «snøhole» tok me ein velfortent kvil i godt le for ein sur trekk.

Me kryssar oppover bratta i den djupe snøen
Me kryssar oppover bratta i den djupe snøen
Frå same staden med utsikt nedover dalen og heilt til Skaulen
Frå same staden med utsikt nedover dalen og heilt til Skaulen
Vel oppe av bratta; fjellkaren og sjølvaste Skaulen bakerst
Vel oppe av bratta; fjellkaren og sjølvaste Skaulen bakerst
På veg inn i «snøhola»
På veg inn i «snøhola»
Tilbakeblikk etter pausen. Det er mykje snø på stader som har lege i le
Tilbakeblikk etter pausen. Det er mykje snø på stader som har lege i le

Etter pausen vann me høgde og rann ned på 1234-vatnet og vidare i kanten på 1227-vatnet. Då hadde me fått den massive og navnlause 1409-toppen beint imot, og me måtte ta eit vegvalg. Det vart til at me sette så strak kurs mot Kaldafjellet som me kunne, og rann ned på (Austre) Kaldavatnet. Herifrå vart det ei ganske kronglete løype over fleire fortoppar nord for 1342-vatnet før me kunne toppa ut ved den beskjedne varden på fylkets 17. høgaste fjell etter 4 ¾ timar på tur. Veret var framleis upåklageleg og utsikten førsteklasses frå ein så sjølvstendig topp.

Nedrenn på 1234-vatnet med 1409-toppen bakerst
Nedrenn på 1234-vatnet med 1409-toppen bakerst
Mot (Austre) Kaldavatn og det kuperte Kaldafjellet der me skal til topps
Mot (Austre) Kaldavatn og det kuperte Kaldafjellet der me skal til topps
På (Austre) Kaldavatn med kurs mot ein mulig oppgang mot Kaldafjellet
På (Austre) Kaldavatn med kurs mot ein mulig oppgang mot Kaldafjellet
På den første av fleire fortoppar nord for 1342-vatnet. Vatnet og Steinkilenuten sjåast til venstre i bildet
På den første av fleire fortoppar nord for 1342-vatnet. Vatnet og Steinkilenuten sjåast til venstre i bildet
Frå same staden mot hovudtoppen. Me må over endå ein fortopp til høgre i bildet før me er framme
Frå same staden mot hovudtoppen. Me må over endå ein fortopp til høgre i bildet før me er framme
Endeleg på Kaldafjellet, fylkets 17. høgaste fjelltopp
Endeleg på Kaldafjellet, fylkets 17. høgaste fjelltopp
Frå Kaldafjellet med framifrå utsikt vestover. Me ser Snønuten, Kringlenuten og Leirnuten nærast og dreg kjensel på Såta og Napen lenger bak
Frå Kaldafjellet med framifrå utsikt vestover. Me ser Snønuten, Kringlenuten og Leirnuten nærast og dreg kjensel på Såta og Napen lenger bak
Fornøgd på Kaldafjellet!
Fornøgd på Kaldafjellet!

Etter ny matpause i godt le ved 1342-vatnet rann me ned til 1262-vatnet ovanom Steinkileskardet før jevn oppstigning til Steinkilenuten, fylkets 20. høgaste fjell. Her vart me først i tvil om kva som var høgaste topp, men fann ut at den karakteristiske og vardesette såta i sør måtte vera høgare enn det markerte toppunktet på karta og her på PB. I ettertid har dette óg vist seg å stemma, då detaljkartet viser at såta har høyde 1440 moh, som er 6 m høgare enn det markerte toppunktet. Ikkje bare det, men frå såta fekk me ein formidabel utsikt sørover, endåtil til Steinkilehytta og jordgamma som har gitt fjellet navnet sitt.

På 1262-vatnet; fjellkaren og sjølvaste Snønuten bakerst
På 1262-vatnet; fjellkaren og sjølvaste Snønuten bakerst
I oppstigninga mot Steinkilenuten med tilbakeblikk på Kaldafjellet. Fylkesgrensa går over sekundærtoppen til høgre
I oppstigninga mot Steinkilenuten med tilbakeblikk på Kaldafjellet. Fylkesgrensa går over sekundærtoppen til høgre
På 1434-toppen på Steinkilenuten med det såteforma og verkelege toppunktet i bakgrunnen
På 1434-toppen på Steinkilenuten med det såteforma og verkelege toppunktet i bakgrunnen
Frå det vardesette og høgaste punktet på Steinkilenuten, fylkets 19. høgaste fjelltopp, ser me bort på Leirnuten og Kringlenuten
Frå det vardesette og høgaste punktet på Steinkilenuten, fylkets 19. høgaste fjelltopp, ser me bort på Leirnuten og Kringlenuten
Frå Steinkilenuten ser me beint ned på hytta og jordgamma som har gitt fjellet navnet sitt
Frå Steinkilenuten ser me beint ned på hytta og jordgamma som har gitt fjellet navnet sitt

Me hadde nå vore på tur i over 7 timar og klokka var 1530, så om lysta til å få med seg sjølvaste Leirnuten var stor, valde tre av oss å returnera herifrå. Me skulle trass alt 10 km tilbake til Jonstølen, så tilbake til bilen og kjøra heim i over tre timar. Returen vart lagt om 1262-vatnet og Midtvatnet langs sommarruta til me fann att våre eigne spor. Det passa godt, for veret hadde etter kvart tetta seg litt til. Det vart likevel nødvendig med ein ny pause i «snøhola» me hadde funne før på dagen før retur heilt ned til Jonstølen. Her tok den ivrigaste toppsamlaren oss igjen etter eit besøk på Kringlenuten, og me tok ein siste kvil med inntak av søtsaker og drikke.

Karakteristisk vindmønster i snøen på Steinkilenuten, kalla «båreskjelta» i Ryfylke
Karakteristisk vindmønster i snøen på Steinkilenuten, kalla «båreskjelta» i Ryfylke
Straks klart for nedrenn på Midtvatnet med Snønuten dominerande
Straks klart for nedrenn på Midtvatnet med Snønuten dominerande
Mot Midtvatnet og heimvegen vår i retning den mørke bergveggen sentralt i bildet
Mot Midtvatnet og heimvegen vår i retning den mørke bergveggen sentralt i bildet
Tilbakeblikk på den massive 1409-toppen der me kom ned langs sommarruta på høgre side
Tilbakeblikk på den massive 1409-toppen der me kom ned langs sommarruta på høgre side
Ovanom det kvasse skardet der sommarruta og me går trygt ned på høgre side
Ovanom det kvasse skardet der sommarruta og me går trygt ned på høgre side

Tilbake ved bilen etter om lag 25 km, 1300 hm og 11 ½ timar på tur med fire gode pausar. Fasit for dagen vart:

8 ½ km til Kaldafjell
3 ½ km til Steinkilenuten
10 km til Jonstølen
3 km til P-plass
25 km på tur

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.