Berdalseken (11.04.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Sluten parkering (938m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 00min
Distance 16.2km
Vertical meters 910m
GPS
Ascents Berdalseken (1,814m) 11.04.2021 15:35

Fin tur frå Sluten til Berdalseken med Joakim. Nydeleg fin dag, etter påfyll med ny om enn ganske vindtransportert snø. Nede i lia, opp frå Sluten, var det godt med djup nysnø. Heldige vi då, sidan ein skiløpar hadde godt oppover før oss, og laga fine spor. Innover Vetle Frostdalen var det mest skare. Greitt å gå på det. I oppstigninga til høgre inne i dalen, vart det på nytt lausare, og fin snø å gå i. Vi rasta ved nokre steinar, der vi pleier, knapt halvvegs. Etter litt kom karen som laga spor for oss nedatt. Han var frå Dombås, tydeleg fjellvand, busett i Bergen, og nybuar i hytte oppi Gudbrandslie på Filefjell. Han hadde snudd litt før brea, sidan han var aleine. Såg på det som rekognoseringstur til seinare. Joakim og eg fekk ein fin tur vidare til topps. Joakim sleit litt med gnagsår. Vi studerte litt på kurs opp brea. Skulle vi halde flatere kurs litt til høgre ? Etter kvart blei det sikk-sakk ganske rett på. Det var mykje vindtransportert snø, og ein blir litt tankefull. Men ca. 25 grader bratt, og ingen drønn. Det opplevdes trygt. Då det flata ut, var det roleg fin gange til den store varden på toppen. Utsikta, heilt fantastisk. Fint då å køyre med Randonee nedatt. Under timen på returen. Nydeleg dag til fjells.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.