Strengen frå stuedøra (08.04.2021)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 4h 02min
Distance 23.1km
Vertical meters 1,817m
GPS
Ascents Litlstrengen (795m) 08.04.2021
Strengen (890m) 08.04.2021
Syltnebba (667m) 08.04.2021

Utradisjonell aprilutfart med skia på rett utafor døra. Opp via gangvegane til Sæterlia på fint skiføre og med eit og anna langt blikk frå bilistar langs vegen. Opp alpinbakken og over Syltnebba, deretter langs Sjøasetervatnet og via Litjstrengen i tidvis store mengder nysnø. Frå toppen av Strengen vart fristelsen for stor til å motstå - det måtte bli ein strafferunde ned til Klåberget på jomfruelig tørrsnø. Etter litt inntak av Kvikk-Lunsj (som fungerte akkurat som namnet skulle tilseie) bars det oppatt og ned på nordaustsida av masta. Vidare over Litjstrengen igjen og ny nedkøyring i "Botnen", deretter same veg via Sjøasetervatnet og Syltnebba heimatt. Snøfrie gangvegar medførte litt bæring av ski siste biten, men framleis godt med snø i brøytekantane. Strålande skiføre over plena til naboen dei siste tjue metrane var prikken over i-en på ei temmeleg klimanøytral bestigning av Strengen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.