Hellebrekkene fra P-plass i sør (31.03.2021)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Hellebrekkene (365moh) 31.03.2021

Kveldstur fra Langøysundet sør for toppen. Følgte traktorveg som gjekk over til sti opp til ei koie oppunder toppryggen, som viste seg å ligga 5-600m vest for toppunktet. Busha stilaust til topps herifrå gjennom kratt og til slutt småkrevande klyving opp tre skrentar like før toppen. Retur same veg.

Toppen sett frå eit utsiktspunkt 5-600m vest på toppryggen
Toppen sett frå eit utsiktspunkt 5-600m vest på toppryggen
Frå same staden med utsikt over Espevik med Såt. Også Borgøy og Lammanuten er kjenneslege
Frå same staden med utsikt over Espevik med Såt. Også Borgøy og Lammanuten er kjenneslege
På toppen med tilnærma same utsikt
På toppen med tilnærma same utsikt
Utsikt austover ryggen mot Nedstrandsfjella med Gaupåsen og Stølanuten kjenneslege
Utsikt austover ryggen mot Nedstrandsfjella med Gaupåsen og Stølanuten kjenneslege
Utsikt vestover ryggen mot Toftøy, Hest, Gudbrandsfjellet og Boknafjellet bakerst
Utsikt vestover ryggen mot Toftøy, Hest, Gudbrandsfjellet og Boknafjellet bakerst
Koia som ligg oppunder toppryggen, men 5-600m vest for toppen
Koia som ligg oppunder toppryggen, men 5-600m vest for toppen

Pga. bushinga brukte eg 15 min ekstra kvar veg mellom koia og toppen. Flott utsikt i solnedgangen, til saman 1 ½ time på tur.

Eit godt tips må vera å ta kurs rett mot toppen der traktorvegen går over til sti.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.