Kråkeberg og Høgabakka frå Tau (27.03.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Høgabakka (54m) 27.03.2021
Kråkeberg (81m) 27.03.2021

Så var dagen komen til å løysa største utfordringa på lista over pf≥50m for Strand, nemleg øytoppane på Hidle og Heng. Det vart elegant løyst med eit sporty ja frå Tau båtforening. Med ein rask båt denne fine vårdagen midt mellom to uversdagar, gjekk det ikkje meir enn eit kvarters tid på kvar av dei tre båtetappane.

Heng sett frå Solbakk
Heng sett frå Solbakk
Hidle sett frå Solbakk
Hidle sett frå Solbakk

Først stod Hidle for tur, eller rettare Sør-Hidle fordi Nord-Hidle er ei av Sjernarøyane. Med påkledning for kald båttur vart det ein sveitt gåtur i solsteiken frå Hidlevågen til topps på Kråkeberg/Hettulhaugen på 81 moh. Her var toppunktet udiskutabelt og lett å finna lengst sør på øya, og med framifrå utsikt mot Rennesøy, Åmøy og Tau. Ryfast tek faktisk ein sving innunder toppen, eg vil tru for å ta inn luft om lag midtvegs.

På veg mot Kråkeberg på Hidle med utsikt mot Rennesøy
På veg mot Kråkeberg på Hidle med utsikt mot Rennesøy
På toppunktet med utsikt mot Stavanger
På toppunktet med utsikt mot Stavanger
Mot Heng, Idse og fastlandet i Strand med bl.a. Kjortåsen kjennesleg
Mot Heng, Idse og fastlandet i Strand med bl.a. Kjortåsen kjennesleg
Mot Austre Åmøy og Rennesøyhodnet
Mot Austre Åmøy og Rennesøyhodnet

Etter ein halvtimes tid på landlege Hidle gjekk turen vidare til meir bebygde Heng, framfor alt pepra med hytter. Her følgte eg grusvegen frå Neset og i ein god bue opp mot Høgabakka med grillhytte, som etter alt å døma er høgaste punktet på øya. Det var fleire mulige toppunkt på ca. 54 moh, og eg var oppom alle utanom det nordlegaste der det står eit bustadhus.

Flott vårdag i Vika på Heng
Flott vårdag i Vika på Heng
Frittliggande grillhytte på toppen av Heng
Frittliggande grillhytte på toppen av Heng
Frå same staden mot Idse
Frå same staden mot Idse
Ved mulig toppunkt litt lenger nordaust. I bakgrunnen sjåast fastlandet med Nagaklubben, Kjortåsen og Barkafjellet
Ved mulig toppunkt litt lenger nordaust. I bakgrunnen sjåast fastlandet med Nagaklubben, Kjortåsen og Barkafjellet
På mulig toppunkt lenger vest med utsikt mot Horgje
På mulig toppunkt lenger vest med utsikt mot Horgje

Etter ein halvtime óg på Heng gjekk returen raskt tilbake til båthamna på Tau, og heile turen var unnagjort på snaut 1 ¾ time.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.