Gråknuten frå Preikestolhytta (27.03.2021)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Gråknuten (384moh) 27.03.2021

Etter øyhopping med toppshopping på Hidle og Heng vart det også tid til ein offensiv avslutningstur på pf≥50m lista for Strand, nemleg til Gråknuten sørvest for Revsvatnet. Her vart det god nytte av bomturen i fjor sommar, og som sist følgte eg T-stien langs sørsida av vatnet før eg tok bratt opp på ryggen nord for toppen. Til endes lengst sør på ryggen måtte eg bratt ned ei renne til det som heiter Litlafjell på kartet. Her gjekk eg på nødlingar som viste veg sør for toppen før eg runda enkelt opp til topps.

Mot Gloppavatnet med Ulvaskogfjellet og Gryteknuten
Mot Gloppavatnet med Ulvaskogfjellet og Gryteknuten
Den bratte, men greie renna eg følgte både ned og opp
Den bratte, men greie renna eg følgte både ned og opp
Mot Gryteknuten
Mot Gryteknuten
Straks på Gråknuten, siste topp på pf≥50m lista for Strand. Me ser Gloppavatnet med Ulvaskog- og Dormålsfjellet til venstre og Gryteknuten til høgre
Straks på Gråknuten, siste topp på pf≥50m lista for Strand. Me ser Gloppavatnet med Ulvaskog- og Dormålsfjellet til venstre og Gryteknuten til høgre
Frå same staden mot ytre del av Gloppavatnet og Hatten kjennesleg i bakgrunnen
Frå same staden mot ytre del av Gloppavatnet og Hatten kjennesleg i bakgrunnen

Som venta flott utsikt over Gloppavatnet og Revsvatnet med omkringliggande toppar, og endåtil ut Gydalen heilt til dagens første øytopp på Hidle. Kjekt å avslutta denne interessante lista med ein så fin topp i framifrå ver. Retur same veg og tilbake ved bilen etter 1 ¾ time på tur.

På Gråknuten med utsikt mot Torsnes-garden ved Revsvatnet, Moslivarden og Neverdalsfjellet
På Gråknuten med utsikt mot Torsnes-garden ved Revsvatnet, Moslivarden og Neverdalsfjellet
Frå Gråknuten med utsikt ut den tronge Gydalen. Lengst ute ser me Nagaklubben, dagens første øytopp, Kråkeberg på Hidle, og Rennesøyhodnet
Frå Gråknuten med utsikt ut den tronge Gydalen. Lengst ute ser me Nagaklubben, dagens første øytopp, Kråkeberg på Hidle, og Rennesøyhodnet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.