Tre fine topper på fjellski i Gaular! Nytt vindmølleland!? (07.03.2021)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Dette området ligg også i kikkerten for investorer for endå fleire vindmøller! Fleire interesser av ulike selskap/utbyggere. Eg kjenner eit slags vemod i kropp og sinn når ein beveger seg inn i naturen der ein veit at interessa for enda meir utbygging og økonomi er i fokuset for å splitte opp fleire naturområder. Det er ikkje så lenge sidan eg berre måtte ha meg ein ny tur på Stadlandet. Det for å nyte den ville naturen der, i ein nesten panisk "må tur" før vindmøllene kjem. Føler at det haster å besøke dei ulike naturområda før dei vert valsa over med graving og bygging! Usikker på korleis det kjem til å gå med desse områda! Avisinnlegga for dette området er for ca 1 år sidan. Kanskje det er stille før stormen! Det såg ut til å likne målingsinstrument i området, men kan ikkje med sikkerheit seie at det er det...
Ein nydeleg dag på fjellski i nesten eit terreng utan spor! Sett vekk ifrå kraftlinja og kraft/fjellveg. Ellers kun harepus og fine ryper å skue! Fint føre til tross for døgna i forkant med mykje vind i fjellet og litt nysnø med ei viss skredfare.


https://lanaturenleve.no/wordpress/wp-content/uploads/2019/09/Safari-20.-sep.-2019-21_59.pdf
Nytt Innlegg:
https://www.firda.no/no-ringer-vind-selskap-til-grunneigarar-i-gaular-og-hoyanger/s/5-15-802366
Benutzerkommentare