Toppturar i Kvitfjellsområdet (07.03.2021)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Tullia (845moh)
Sluttsted Tullia (845moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 4t 15min
Distanse 17,8km
Høydemeter 580m
GPS
Bestigninger Hestknappen (1023moh) 07.03.2021
Kvitfjell (1044moh) 07.03.2021
Segelstadkampen (1054moh) 07.03.2021

Vart skitur hit i dag, berre to dagar etter at eg parkerte på same parkeringsplass (då eg gjekk til Gråkampen).

Turen gjekk først i skiløype, med avstikkar mot Kvitfjell, og avstikkar mot Segelstadsæterkampen. Oppå desse toppane var det kraftig vind, det litt spesielle var at vinden ikkje vart kraftig før plutseleg kring 1030 m.o.h., dermed var ikkje vinden så kraftig på Hestknappen.

Gjekk tilbake nordover mot Hestknappen, der eg tok av frå skiløype og ned gjennom skogen før eg knalla opp mot toppen på nordsida. Krevande nedtur då ein tynn gjennomslagsskare i øvre del gjorde det krevande å skrense og ploge, det var egentlig berre å renne rett ned utan å bremse som galdt :) Kom inn på skiløypa lenger nede, og der var det ein grei transportetappe tilbake til utgangspunktet.

Snart oppå dagens første topp, Kvitfjellet.
Snart oppå dagens første topp, Kvitfjellet.
Utsikt sørover frå Kvitfjellet mot øvre del av alpinanlegget, og Segelstadsæterkampen i bakgrunnen, dagens andre topp.
Utsikt sørover frå Kvitfjellet mot øvre del av alpinanlegget, og Segelstadsæterkampen i bakgrunnen, dagens andre topp.
Utsikt sørover frå Segelstadsæterkampen. Det vart litt "hastverksbilde" pga. ein vanvittig vind.
Utsikt sørover frå Segelstadsæterkampen. Det vart litt "hastverksbilde" pga. ein vanvittig vind.
På veg nordover mot dagens tredje topp, Hestknappen.
På veg nordover mot dagens tredje topp, Hestknappen.
Utsikt frå Hestknappen og sørover mot området eg var i før på dagen.
Utsikt frå Hestknappen og sørover mot området eg var i før på dagen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.