Skoddeøkt på Hanekammen og Skolma (03.03.2021)

Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Tourlänge 2h 55min
Entfernung 12,9km
Höhenmeter 1.009m
GPS
Besteigungen Hanekammen (652m) 03.03.2021
Hornet (490m) 03.03.2021
Skolmen (602m) 03.03.2021
Besuche anderer PBE Morteneset p-lomme (40m) 03.03.2021
...men når vårsol i bakkane blenkte. Eller noko sånt.
...men når vårsol i bakkane blenkte. Eller noko sånt.

Turdag etter forkjøling og diverse slit og strev. Det har vore tungt å stå på tunet og sjå all den flotte skodda fare forbi, men i dag fekk eg tatt det att i fullt monn.

Køyrde til Almenning for å sjå på eit klatrefelt, og deretter litt speiding på toppane for å tenke ut kva som kunne vere minst krevjande i dag. Valet fall på Hanekammen og Skolma.

Eg følgte stianmerkingar på kartet opp frå fiskemottaket. Dette var ei sleip og bratt affære, og eg møtte den eigentlige stien lenger oppe. Skiltet til den korrekte stistarten er lett synlig frå vegen rett bak dei store tankane 200 meter før parkeinga eg nytta. Anbefalast.

Deretter tydelig og fin sti opp ryggen til Hanekammen. Tendensar til utsikt før eg vart slukt av skodda på toppen. Rask innskriving i boka før eg fulgte stien mot Allmenning for å kome meg til Skolma. Ved bedre sikt er det nok enklare å berre følge nordaustryggen på Hanekammen ned mot bandet mot Skolma.

Når eg kom under skodda såg eg Hornet. Det såg fint ut og eg tok turen her turen bortom. Dette vart dagens finaste toppbesøk.

Deretter fann eg ikkje stien mot Skolma, og her vart det igjen ein del bukkemark før eg fann nokon stikker og etter kvart sti ca ved 554-punktet sør for Skolma.

Sørryggen til Skolma hadde sikkert vore flott om eg hadde sett den. Men her var skodda så tjukk at eg berre såg nok til å holde beina på rett side av kanten. Sludd og greier.

Deretter vart det nasen i GPSen for å kome seg under skodda på ein fornuftig måte. Andre har gått via Røyseheida og ned til Trollebø. Eg ville berre under skodda og gikk difor mot Hagevikvatnet og ned til Hagevik. Karakterbyggande terreng ned her.

Deretter vegen tilbake til bilen, forbi diverse enorme fiskerianlegg.

Startzeitpunkt 03.03.2021 10:27
(UTC+01:00)
Endzeitpunkt 03.03.2021 13:23
(UTC+01:00)
Gesamtzeit 2h 55min
Zeit in Bewegung 2h 49min
Pausenzeit 0h 6min
Gesamtschnitt 4,4km/h
Bewegungsschnitt 4,6km/h
Entfernung 12,9km
Höhenmeter 1.009m

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Hagevik

    Geschrieben von Affen 11.03.2021 11:18

    Mener å erindre at jeg angrep Skolma fra Hagevik, uvisst av hvilken grunn... Kan bekrefte karrakterbyggende terreng jeg også :-)

    • -
      avatar

      Sv: Hagevik

      Geschrieben von kobbenes 11.03.2021 14:02

      lett å forstå kvifor båten var føretrekt framkomstmiddel :-P

  • -
    avatar

    galskap!

    Geschrieben von kobbenes 05.03.2021 08:23

    høggravid oppi der??? det er jo på grensa til galskap - ikkje rart han ville ut! :-D

  • -
    avatar

    karakterbyggende terreng :-)

    Geschrieben von ligroenb 04.03.2021 22:49

    ja, sitter og ser på egen turrapport da vi 1 mars 2014 blant annet gikk på Skolmen. Dette var 8 dager før Vinjar kom til verden og jeg gikk oppover i einekratt og diverse annet interessant terreng uten å finne råsa med magen i veien for hvert eneste forsøy på høye kneløft :-) Husker det var litt småbanning underveis ja!

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.