Travers av Vardhusheia på ski frå Liarvatnet (06.02.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Vardhusheia (761m) 06.02.2021
Visits of other PBEs Langavatnet demning (450m) 06.02.2021

Dette vart ein kjempetur med Solveig som hadde «alt»; stilt ver, kuling og sol; skog, vatn og høgfjell; pudder, bølgesnø og is. Etter fire skiturar i Jørpelandsheia i stilt ver og tilnærma pudder, slo det nemleg om til austavind med 12-15 m/s meldt i høgda. Me utstyrte oss derfor med ekstra varme klede, slalåmbriller og langfeller til denne turen, der me ville prøva oss over Vardhusheia med oppgang om Skitli.

Den uvanleg kalde vinteren har skapt mykje is i fossen i Jørpelandsåna
Den uvanleg kalde vinteren har skapt mykje is i fossen i Jørpelandsåna

Det gjekk oppskriftsmessig om Grimsli og Forenesvatnet før me tok ein god pause før Longavatnet, der me rekna med at vinden tok godt. Vel oppe på vatnet skein sola, og det var ikkje så mykje vind som me hadde trudd, men herleg å vera på tur. Me kryssa over mot utløpet av Skitliåna der det var eit skuterspor som leia oss opp gjennom fore- og bjørkeskogen. Dette var nytt og spennande terreng for meg, som tidlegare bare har kome til Vardhusheia frå nord. Vel over tregrensa i Skitli vart det såpass bratt at me valde å ta på langfellene og kryssa så oppover den dryge sørryggen. Her tok sjølvsagt austavinden godt, og det var tidvis fokk, bølgesnø og avblåst med isete parti innimellom.

Straks framme i Grimsli med morgonsola på Solknuten og Krunefjell
Straks framme i Grimsli med morgonsola på Solknuten og Krunefjell
Tilbakeblikk mot Grimsli med Tibergfjell og Terneheia
Tilbakeblikk mot Grimsli med Tibergfjell og Terneheia
I fint driv ved Forenesvatnet med dagens mål i sikte
I fint driv ved Forenesvatnet med dagens mål i sikte
Matpause før Longavatnet i le for austavinden
Matpause før Longavatnet i le for austavinden
Straks framme ved Longavatnet
Straks framme ved Longavatnet
På søre Vardhustjødna under mektige Vardhusheia
På søre Vardhustjødna under mektige Vardhusheia
På sjølve Longavatnet med kurs mot Skitliåna. Den alternative oppgangen Støladalen er midt i bildet
På sjølve Longavatnet med kurs mot Skitliåna. Den alternative oppgangen Støladalen er midt i bildet
I land ved Skitliåna/nedre Krødene
I land ved Skitliåna/nedre Krødene
Mot toppen av Støladalen
Mot toppen av Støladalen
På med langfeller i Skitli. Me ser tilbake mot Longavatnet og bl.a. Godlifjellet og Liaknuten
På med langfeller i Skitli. Me ser tilbake mot Longavatnet og bl.a. Godlifjellet og Liaknuten
Høgare oppe, og me ser Svartavatnet óg
Høgare oppe, og me ser Svartavatnet óg
Me kryssar oppover mot Vardhusheia frå Skitli
Me kryssar oppover mot Vardhusheia frå Skitli
Mot Skitlitjødna og Venavatnet
Mot Skitlitjødna og Venavatnet

Vardhusheia er litt av eit massiv, om lag 2 km i tverrmål og med toppen ruvande drygt 300 hm over Longavatnet. Vel oppe måtte me ut til utsiktsvarden og kjenna på suget frå stupkanten og innom det vardelause toppunktet. Men i den iskalde vinden var det helst bare å koma seg nedover den slake nordryggen så raskt som råd. Etter å ha gått med vinden i sida så lenge, var den eine halvdelen av ansiktet meir enn kald nok. Me fann tidvis spor som leidde oss perfekt ned mot Brogaheia, og eg vil anta at det var mine eigne spor frå to veker sidan.

Fokk og bølgesnø oppunder Vardhusheia
Fokk og bølgesnø oppunder Vardhusheia
Straks på Vardhusheia og utsikten åpnar seg. Me ser Longavatnet, Svartavatnet og bl.a. Bratteliknuten, Godlifjellet og Naganibba
Straks på Vardhusheia og utsikten åpnar seg. Me ser Longavatnet, Svartavatnet og bl.a. Bratteliknuten, Godlifjellet og Naganibba
Vintraleg på Vardhusheia
Vintraleg på Vardhusheia
Fornøgd på kremtoppen!
Fornøgd på kremtoppen!
I kuling på toppunktet. «Minus 15, føles som minus 25»?
I kuling på toppunktet. «Minus 15, føles som minus 25»?
Mot Brogaheia
Mot Brogaheia

Vel nede i herleg sol og le var det tid for endå ein pause før me fekk fint nedrenn til stemmen i Longavatnet og vidare til Grimsli. Etter ein uvanleg rask retur over Liarvatnet i god medvind, kunne me gratulera kvarandre med endå ein tur frå øvste (fjell)hylle i Jørpelandsheia.

Herleg pause i sol og le under Vardhusheia
Herleg pause i sol og le under Vardhusheia
I le under Vardhusheia med utsikt mot Longavatnet
I le under Vardhusheia med utsikt mot Longavatnet
Mot Vardhustjødnane/Longavatnet
Mot Vardhustjødnane/Longavatnet
I kveldsskygge over stemmen
I kveldsskygge over stemmen
På Forenesvatnet med tilbakeblikk mot Knausane og Vardhusheia
På Forenesvatnet med tilbakeblikk mot Knausane og Vardhusheia
Mot Tysdalsheia med Solknuten og Reinaknuten
Mot Tysdalsheia med Solknuten og Reinaknuten
Ved Grimsliåna med Krunefjell framleis i sola
Ved Grimsliåna med Krunefjell framleis i sola
Fornøgd tilbake på parkeringa ved Liarvatnet!
Fornøgd tilbake på parkeringa ved Liarvatnet!

Fasit vart om lag 20 km, 500 hm og 6 ½ timar på tur. Det var ein god del kjentfolk, men svært lite anna liv å sjå, utanom eit par ravnar under Vardhusheia.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.