Hestebakkdalen (31.01.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 3h 13min
Distance 11.4km
Vertical meters 196m
GPS
Visits of other PBEs Eldrevatnet vinterparkering sør (1,122m) 31.01.2021 11:00

Plan i dag var ein rund-tur på Hemsedalsfjellet. Hang med nokre tur-kompisar frå turlaget. Ikkje nødvendigvis topp-tur i dag. Gikk inn Hestbekkdalen med fylkesgrensa som utgangspunkt. Veldig fint og lett å gå inn den flate dalen. Kun 200 høgdemeter til fyrste skar, og nedover til eit sel ved nedre Råskardtjernet. Der vart det ei rast. Det hadde blåse opp litt dei siste 15 min, og det var godt med ly bak selet. Etter mat og varm drikke gikk vi vidare nedover. Nedst ved vatnet vurderte vi kommande oppstigning med tanke på bratt og snøforhold. Vurderinga blei då, at vi snur. Men føret var fint, og ein nydeleg dag til å gå på ski. Fine spor tilbake også. Runden rundt Vesle Jukleeggi lyt vi ta ein annan gong. Eventuelt gå opp i fjellet litt tidlegare, heller enn å gå inn heile dalen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.