Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen (30.01.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (706m) 30.01.2021
Krunefjell (723m) 30.01.2021

Endå ei finvershelg med godt skiføre i Jørpelandsheia, men med fare for både snøbyger og skodde på dei høgaste toppane, var me litt spente på kva dagen ville bringa. Igjen vart startpunktet lagt til Boremyr i Målandsdalen, som med sine 350 hm stigning på traktorveg i inngangsbillett ikkje er førstevalget for så mange. Brukte om lag 45 min opp traktorvegen, som nå er blitt brøyta anleggsveg, og me måtte derfor bera skia heilt til endes.

Start frå Rv. 13 i Målandsdalen
Start frå Rv. 13 i Målandsdalen

Kursen det første stykket vidare vart lagt etter spora mine frå sist helg, og planen var å gå opp på Bergeheia og ut til Krunefjell med sin flotte utsikt over Jørpelandsheia. Skodda låg sanneleg over toppane, og ei stund vart endåtil Bergeheia borte for oss. Det hadde berre kome nokre få cm nysnø denne veka, men det var ikkje så kaldt som sist, så føret var litt tregare utan at det gjorde noko. Men nysnøen gjorde óg at det ikkje var så avblåst og isete på toppane som sist.

Ved Målandsvatnet med kurs for Bergeheia
Ved Målandsvatnet med kurs for Bergeheia

Men etter som me vann høgde sørover Bergeheia, letta skodda meir og meir, og då me stod på toppen etter litt over 2 timar, låg det berre litt att over Vardhusheia og toppane austanfor. Sola skein frå blå himmel, og det var ikkje eit vindpust, så det vart ein god matpause ved varden. Ein person på truger hadde kome opp frå Grautabotn, truleg same morgonen, og spora såg ut til å gå vidare mot Brogavatnet.

På vardepunktet nord på Bergeheia med utsikt mot Krunefjell og Grautabotn. På andre sida av Tysdalsvatnet dominerer Lauvåsen
På vardepunktet nord på Bergeheia med utsikt mot Krunefjell og Grautabotn. På andre sida av Tysdalsvatnet dominerer Lauvåsen
På Bergeheia med utsikt mot Vardhusheia og Longavatnet. Morgonskodda leikar ennå over toppane
På Bergeheia med utsikt mot Vardhusheia og Longavatnet. Morgonskodda leikar ennå over toppane
Første pause på Bergeheia i stilt og flott ver
Første pause på Bergeheia i stilt og flott ver

Me fann ein grei nedgang om lag 50 hm vestover mot Krunefjell, og snart var me nede på den breie og småkuperte ryggen. Me fann ein effektiv trase med håp om ikkje å tapa så mykje høgde, men måtte likevel opp og ned eit par ganger. Det var fantastisk fint å gå her i slikt ver, og me tok oss god tid. Då me kom vest på stupkanten, åpna panoramaet seg over vakre Forenesvatnet og Tysdalsheia, og wow-faktoren var akkurat slik han skulle vera på ein slik dag.

Flott skiføre vestover Krunefjell. Her med tilbakeblikk mot Bergeheia
Flott skiføre vestover Krunefjell. Her med tilbakeblikk mot Bergeheia
Nedrenn på Krunefjell med Heiahodnet som kulisse
Nedrenn på Krunefjell med Heiahodnet som kulisse
Panorama over Forenesvatnet frå Krunefjell
Panorama over Forenesvatnet frå Krunefjell
Ditto over Tysdalsheia med Liarvatnet. Dominerande toppar er Tibergfjell, Ternefjell og Reinaknuten
Ditto over Tysdalsheia med Liarvatnet. Dominerande toppar er Tibergfjell, Ternefjell og Reinaknuten
Fornøgd på toppen av Krunefjell!
Fornøgd på toppen av Krunefjell!

Men vest over Boknafjorden såg det ut til å trekka inn mørke skyer med snøbyger som meldt, så me tok returen tilbake i våre eigne spor til Bergeheia. Trass i at det skya over, vart det ikkje stort av nedbøren, og me tok oss tid til matpause nummer to. Me var framleis aleine i høgda, men det var folk å sjå nede på både Brogaheia og Longavatnet.

Andre pause for dagen tilbake på Bergeheia. Heiahodnet dominerer
Andre pause for dagen tilbake på Bergeheia. Heiahodnet dominerer

Til slutt var det berre å følgja spora tilbake til anleggsvegen i flott nedrenn og ta skia på nakken til bilen ved Rv. 13. Fasit for dagen vart om lag 15 km, 750 hm og 5 ¾ timar på tur. Av dyreliv såg me ein rypeflokk ved Prammaleitet og ein meiseflokk med innslag av fuglekongar ovanom Boremyr. Ellers var det spor å sjå av både ryper, smågnagarar og truleg rev.

Retur over Bergeheia med tilbakeblikk mot Vardhusheia og Longavatnet
Retur over Bergeheia med tilbakeblikk mot Vardhusheia og Longavatnet
Tilbake ved utløpet av Målandsvatnet
Tilbake ved utløpet av Målandsvatnet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.