Vardhusheia, Bergeheia og Salane på ski frå Målandsdalen (24.01.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (706m) 24.01.2021
Salane (658m) 24.01.2021
Vardhusheia (761m) 24.01.2021

Med meir enn nok snø som bar godt, og framifrå styresnø på toppen, vart denne godversturen til Målands- og Brogaheia ein av mine aller finaste. Sjølv om det er blitt traktorveg til oppunder Prammaleitet og nå sist kraftutbygging i Målandsdalen, er det ikkje mange som finn hit opp, og denne dagen var det bare dyreføter og mine ski som teikna mønster i snøen.

Eg brukte som vanleg om lag 45 min opp traktorvegen frå Rv. 13 ved Boremyr. Fordi vegen var brøyta, vart det bering eit godt stykke oppi bakkane før skia kom på. Ikkje uventa var det anleggsmaskinar, røyrlager og anna utstyr langs vegen og på toppen, men då dette var tilbakelagt, var det heldigvis bare snøen, sola og meg. Eg hadde vore spent på om snøen bar, men som nevnt var det heilt eineståande forhold. Ikkje ein gang bekken frå Målandsvatnet var synleg, så eg kryssa den og holdt meg på høgre sida av Målandsvatnet.

Nye tider med kraftutygging i Målandsdalen
Nye tider med kraftutygging i Målandsdalen

Vel her oppe var det bare å cruisa sørover silkeflata mot Brogaheia og dagens hovudmål som var Vardhusheia, ein av mine desiderte favorittar i Jørpelandsheia. Dette massivet tek seg kledeleg ut frå dei fleste vinklar utanom austanfrå Krøys, og ikkje minst er utsikten formidabel på stupkanten. Etter snaue 2 ¼ timar var eg på toppen, og fekk meg ein velfortent kvil ved varden på kanten med panorama over kjente landskap. Det var flotte snøforhold nesten til topps, men avblåst og litt isete aller øverst.

Ved Målandsvatnet under Prammafjellet
Ved Målandsvatnet under Prammafjellet
Januarsol over Vardhusheia
Januarsol over Vardhusheia
Finaste silke på Brogaheia
Finaste silke på Brogaheia
Ei einsleg fjellfore midt på silkeflata, ein retteleg pioner
Ei einsleg fjellfore midt på silkeflata, ein retteleg pioner
Mot Brogavatnet og Brogavassklubben
Mot Brogavatnet og Brogavassklubben
Fornøgd på veg mot Vardhusheia!
Fornøgd på veg mot Vardhusheia!
Frå oppunder toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys. Me ser bl.a. Brogavassklubben nærast og Venavatnet
Frå oppunder toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys. Me ser bl.a. Brogavassklubben nærast og Venavatnet
På det vardelause toppunktet på Vardhusheia. Det er fleire vardar nedanfor på bildet og dessutan på stupkanten
På det vardelause toppunktet på Vardhusheia. Det er fleire vardar nedanfor på bildet og dessutan på stupkanten
På stupkanten med herleg utsikt over den indre Jørpelandsheia. Me ser stemmen i Longavatnet, Forenesvatnet og Grimsli med Liarvatnet. Den dominerande toppen til venstre er Heiahodnet
På stupkanten med herleg utsikt over den indre Jørpelandsheia. Me ser stemmen i Longavatnet, Forenesvatnet og Grimsli med Liarvatnet. Den dominerande toppen til venstre er Heiahodnet
Litt meir sørleg utsikt, der me ser begge kanalane i Longavatnet, Holmavatnet og ein flik av Store Nagatjødna
Litt meir sørleg utsikt, der me ser begge kanalane i Longavatnet, Holmavatnet og ein flik av Store Nagatjødna

Det vart kontrollert nedrenn til Brogaheia etter same trase, og reint herleg med finkorna snøføyke rundt skituppane. Nede på silkeflata att gjekk eg vidare vestover og til topps på Bergeheia. Det er nedanfor her, vest på Brogaheia, at ein ennå kan sjå restane etter containerane frå flysleppet her oppe i november 1944.

Sjå link til den interessante rekonstruksjonen av flysleppet og motstandsarbeidet i Strand her: https://www.youtube.com/watch?v=xdBoKVjBAgQ

På Brogaheia med tilbakeblikk mot Vardhusheia. Det var nokså nøyaktig her flysleppet var
På Brogaheia med tilbakeblikk mot Vardhusheia. Det var nokså nøyaktig her flysleppet var
Tilbakeblikk nordover mot Prammafjellet og Husaheia
Tilbakeblikk nordover mot Prammafjellet og Husaheia
På toppen av Bergeheia med utsikt mot Krunefjell og Salane på kvar si side av Grautabotn. Almåsen sjåast på andre sida av Tysdalsvatnet
På toppen av Bergeheia med utsikt mot Krunefjell og Salane på kvar si side av Grautabotn. Almåsen sjåast på andre sida av Tysdalsvatnet

Det var ennå mykje att av den fine dagen, og eg valde å holda høgda nordover Bergeheia og få med meg Salane. Her i den fine utsikten på brekket mot Tysdalsvatnet vart det tid til ennå ein pause før eg pakka saman og rann ned att til Prammaleitet. Det var bare å bestemma farten sjølv, etter kor bratt nedrennet vart lagt, og inga hast med å avslutta turen. I den låge ettermiddagssola var det vakre skyggeteikningar over alt i snøen .

Vardepunkt nord på Bergeheia med utsikt mot Krunefjell
Vardepunkt nord på Bergeheia med utsikt mot Krunefjell
Januarsol over Bergeheia
Januarsol over Bergeheia
Det har vore ein del vind i høgda, som ein del vindgryter vitnar om
Det har vore ein del vind i høgda, som ein del vindgryter vitnar om
Iskunst på toppen av Salane. Me ser mot Ternefjell og Reinaknuten og dessutan Lauvåsen på andre sida av Tysdalsvatnet. Heilt bak ser me Bjørheimsvatnet og Tau
Iskunst på toppen av Salane. Me ser mot Ternefjell og Reinaknuten og dessutan Lauvåsen på andre sida av Tysdalsvatnet. Heilt bak ser me Bjørheimsvatnet og Tau
Snøkunst på Målandsheia
Snøkunst på Målandsheia
Ved utløpet av Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad
Ved utløpet av Målandsvatnet med Prammafjellet, Husaheia og Vardhusheia på rekke og rad

Det var nok mellom ½ og 1 m snø på flatane, ein god del spor etter rype, hare og truleg rev, men det var ikkje liv å sjå. Tilbake ved bilen ved Rv. 13 etter om lag 17 km, 800 hm og snaue 5 ½ timar på tur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.