Bleia i Borgund. Frå Eldrevatnet. (24.01.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 45min
Distance 19.1km
Vertical meters 787m
GPS
Ascents Bleia (1,821m) 24.01.2021 10:54
Visits of other PBEs Eldrevatnet parkering nord (1,120m) 24.01.2021 10:54
Ulvehaugveien bom (1,112m) 24.01.2021 12:05

Fantastisk å komme seg på topptur i kalde januar. Eg fekk henge med Finn og Rolf i dag, på fjellskitur frå Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet. Bleia var nemnt som mogeleg turmål. Ja om det ikkje vart vurdert for stor rasfare, på utsatte punkt. Og viss det ikkje vart for mykje tung laussnø. Tida var også ein faktor her, då dagen er kort enno.

Litt før kl 11 kom vi av garde frå parkeringa. Fint skiføre og gode spor i starten, inn mot Ulvehaugen. Vidare laga vi våre eigne spor. Fint skiføre, og etter kvart kom vi høgt nok til å få sol. Godt med nysnø, litt tungt innimellom, men mest berre vakkert. Litt gjennomslag til stein i det bratte partiet opp foten av fjellet. Så vidare flatt, og litt ned. Så måtte vi vurdere rutevalg med tanke på rasfare. Vi hadde alt høyrt drønn, der det nesten var flatt. Vi valde ei rute lægre enn til vanleg, og vurderte det trygt. I ettertid viste det seg at traseen opp var veldig fin.

På toppen !!! Kl. var 14:56, og 4 timar etter start. Dette var heilt fantastisk. Utsikt 360 i dette lyset, i sola over tåke-teppet. Mot Suletinden låg det ein regnboge-ring. Fyrste gong eg har sett dette fenomenet. Det var såpass kaldt på fingrane, at det vart begrensa med fotografering. Men opplevelsen, heilt topp. Brutto 4 timar opp, og 1 1/2 nedatt. Imponert av Rolf, 75 år og topptur i kulda og djupsnøen i januar.

Takk for ein fin dag Rolf og Finn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.