Fonnkloppeggi - Årdal & Sørvest - Jotunheimen via Tyin (17.01.2021)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Tyin (1,087m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 3h 06min
Distance 12.4km
Vertical meters 447m
GPS
Ascents Fonnkloppeggi (1,270m) 17.01.2021

Etter eit par kalde fine dager på grensetopper til gode gamle Sogn & Fjordane. Passa det fint på heimveg å legge turen innom Fonnkloppeggi 1270 moh. Eit rimelig flatt skilys av den spesielle sorten vart det på denne turen! Eit skiføre der du er usikker på om det er mange meter rett ned eller opp nokre cm i forkant i eit terrenget som eigentlig er temmelig fint!! Ganske fascinerande å bevege seg i terrenget under sånne forhold! Sikkert ganske komedie å være på sidelinja å observere synet også :) Men, til eigen refleksjon...kjem eg på ei dame eg hadde med meg ofte på tur for ein del år tilbake! Ho mangla djubdesyn og hadde tunnelsyn! Synet hennar var heller på eit minimum. Ho gjekk den lengste vegen til toppen av Galdhøpiggen. Noko som ein kvar på toppnivå hadde hatt problemer med å gjennomføre! Ho crusa avgårde på ski fordi ho hadde stålkontroll og kroppskordinasjonen inne! Fordi ho elska å være på tur i naturen. Derfor så interessant å reflektere over at alt ikkje er sjølvsagt! Det gjere ein sånn tur som ikkje har blå himmel og sol til ein innertier av ein fin tur likevel.

Over eit islagt Tyin mot Fonnkloppeggi
Over eit islagt Tyin mot Fonnkloppeggi
Flatt lys og syn ifrå Fonnkloppeggi 1270 moh
Flatt lys og syn ifrå Fonnkloppeggi 1270 moh
Ifrå Fonnkloppeggi 1270 moh
Ifrå Fonnkloppeggi 1270 moh

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.