Frusalhalsen - Ryssdalsnebba (10.07.2019)

Written by idarf (Idar)

Start point Grandsetra/Kanndalsetra (515m)
Endpoint Grandsetra/Kanndalsetra (515m)
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 04min
Map
Ascents Glennfjellet (1,346m) 10.07.2019
Glennfjellet sør (1,318m) 10.07.2019
Gråfjellet (1,266m) 10.07.2019
Gråfjellet N (1,109m) 10.07.2019
Litlgladnebba (1,446m) 10.07.2019
Litlgladnebba N1 (1,401m) 10.07.2019
Litlgladnebba N3 (1,406m) 10.07.2019
Ryssdalsnebba (1,618m) 10.07.2019
Ryssdalsnebba sør (1,540m) 10.07.2019
Staveskoren (1,478m) 10.07.2019
Storgladnebba (1,508m) 10.07.2019
Visits of other PBEs Kanndalssetra p-plass (515m) 10.07.2019

10. juli 12:20 - 11. juli 00:24.
Parkerte på Grandsetra (Kanndalsetra på kartet). 30 kroner kontant i bompengar.
Til Frusalbotnen langs sti, rundt Frusalvatnet på høgresida (vestsida).
Opp grus/gras/lyng/ur/snø-skråninga til Frusalhalsen (hald til venstre for det brattaste).
Rett opp på Glennfjellet (valg mellom ei rotete renne med snø og ein fastare og luftigare egg).
Langs fin og grei egg til Litjglanebba. Det er berre å gå rett på, det ser bratt ut, men ordnar seg greit. Same type valg mellom ei rotete renne og ein luftigare egg.
Ned frå Staveskoren (vest) ned i botnen av Staveskoren/Frusalen er det litt brattare, men det gikk greit å klyve ned. Rett på.
Opp frå botnen av Staveskoren/Frusalen til Staveskoren (1508, aust) er enno litt brattare, men det gikk greit å klyve opp. Rett på.
Uproblematisk til Ryssdalsnebba.
Langt på stein og litt snø ned om Gråfjellet til stien frå Nordmørsskaret til Grandsetra.

Det var lite vatn å finne etter Frusalbotnen.
Det kan vera lett å miste stien, både til Frusalbotnen og stien ned til Grandsetra.
Det er lett å finne leia på fjellryggen, det er stort sett rett på og logisk. Det var ein mindre topp undervegs der eg gikk litt til høgre og så attat opp på toppunktet.
God mobildekning på toppane, men ikkje på Grandsetra.
Kunne gått opp (eller ned) fjellryggen frå Frusalbotnen (ved osen av Frusalvatnet) til Staveskoren (vest).
Kunne kanskje gått vidare frå Ryssdalsnebba til Skrommelnebba på same viset (langs fjellryggen mot Øksendalen), men det er kanskje lettare å gå den andre vegen først.
Kunne kanskje gått opp om Ufssalen og Litjskjortene i staden for opp om Frusalbotnen, men nedstigninga frå Litj-skjorta til Frusalhalsen såg eigentleg ikkje så vakker ut.
Eg hadde med hund, men det var kanskje litt mykje ur for hunden.
Det er ikkje uvanleg å bruke tau i Staveskoren.

Storgladnebba, Staveskoren, Ryssdalsnebba (sør) og Ryssdalsnebba
Storgladnebba, Staveskoren, Ryssdalsnebba (sør) og Ryssdalsnebba

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.